Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hett & Svett – no er det berre å kjøre på igjen!

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. mai 2019

Hausten 2013 var alt klart for å opne Hett & Svett som er Todalen I.L. sitt treningssenter i dei gamle lokala til Todalen postkontor. Og jammen har det vore bruka, det bekreftar servicemannen frå Sportsmaster,  Kjell Berge, som torsdag har gått gjennom og teke full service på alle apparata.

Kjell Berge skifta sensorar, rensa og smurte. Godt med skikkeleg gjennomgang av treningsapparata etter snart 6 års drift. Foto: Jon Olav Ørsal

Sjølvsagt har TIL drive naudsynt vedlikehald på maskinene, men den siste tida har eit par av treningsapparata skranta litt, og det var behov for å skifte nokre sensorar og diverse justeringar og smøring.  No er treningsapparata gode som nye og dei vil nok gjøre nytte for seg i mange år framover.

Det mangla ikkje på skeptiske røyster da treningssentret var etablert i 2013 – mange tykte det var mykje dyrt utstyr som kanskje kom til å bli lite brukt. Skeptikarane tok feil og treningssentret er mykje bruka – både av gammel og ung.  Lokala som huser Hett & Svett er det Talgø som stiller gratis til disposisjon for Todalen I.L., og det einaste du treng til å betale for å bruke treningssentret er medlemskontingent til Todalen idrettslag – som i dag er kr 150 pr. år.

Det gamle postkontoret gjer teneste som treningssenter. Talgø stiller lokala gratis til disposisjon for Hett & Svett treningssenter i TIL-regi. Foto: Jon Olav Ørsal

Treningssentret er godt utstyrt med fleire typar treningsapparat. Foto: Jon Olav Ørsal

Bildet viser noko av utstyret som finns i treningssentret. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 9. mai 2019, 13:39