Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongslutt med Skimo på Kvaløya

Jon Olav Ørsal Sundag 5. mai 2019

I helga har det vore avslutning av randonéesesongen, med arrangement i Tromsø. I samband med reisa nordover var det sjølvsagt knytt stor spenning til om flystreiken skulle øydelegge sesongavslutninga. Det gjekk bra, og arrangement vart det og Erik Kårvatn representerte Todalen i Tromsø Skimo Skittentind.

Erik er i gang, og på tur opp – her går det unna. Foto G. Kårvatn

      
Gudmund Kårvatn som har vore med som reiseleiar har sendt oss nokre bilete og litt info frå Kvaløya og arrangementet der:
Eit av dei eldste skimo ( rando) løpa i Noreg. Går i storslege terreng på Kvaløya like utanfor Tromsø. Her er utøvarar frå Noreg, Spania, Hellas (Kreta!!), Østerrike, Sverige og kanskje fleire?
Meiner det var vel 70 deltakarar i år, fordelt på tradisjonell rando, lagkonkurranse (vener, bedrifter etc.) og Chinese downhill (kun raskast ned).
Det var god stemning langs heile traseen, og på toppen vart deltakarane møtt med heiarop og kubjøller. Fine forhold og god avslutning på sesongen. Og ikkje minst ei stor oppleving. Det at ein av verdas sterkaste utøvarar, Jakob Herrmann frå Østerrike vart dagens vinnar var og stas.
Troppa som deltok frå Nordmøre og Romsdal var Edvard Sætran Solli, Runar Ødegård, Yngve Solemdal og Erik Kårvatn.

Erik Kårvatn i farta – fint føre og bare å kjøre på! Foto: G. Kårvatn.Eit lite bildegalleri frå Skittentind og miljøet der – alle foto: G. Kårvatn

Publisert: 5. mai 2019, 09:00