Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag

Styret i Todalen I.L. – 2024
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Jenny Stensby
Sekretær: Turid Sæter

Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes

Leiar Trimgruppa: Sissel H. Storslett

Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø

Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby

Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby

Driftsleiar ungdomshuset: John Moe

Driftsleiar Toåa tursti: Elinor Bolme

Driftsleiar Hett & Svett: Anders Mo

Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik

Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik

Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø

Valnemnd: Leiar: Laila K. Bergli, medlem for 2 år: Ingrunn J. Torvik og medlem for 3 år: Hallvard L. Kvendset

 

Først publisert: 19. november 2009, 16:09 - Sist oppdatert: 20. mars 2024, 07:47

Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

BB Fotball – Søya/Todalen G9

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 7. oktober 2021

Det blir ei travel sesongavslutning for Søya/Todalen sitt G9-lag. I går var dei i Laikarvollen og spela kamp, før det vart ein tur på Napoli i Surnadal for å ha sesongavslutning med pizza og brus. Og no i ettermiddag, nærare bestemt klokka 18:00, spelar dei heimekamp mot Surnadal G9 på Bordholmen stadion, og først etter at den kampen er ferdig, er fotballsesongen 2021 over for Søya/Todalen G9. 


Fotballkamp på Bordholmen torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 4. oktober 2021

Torsdag 7. oktober klokka 18:00 er det duka, for det som ser ut til å bli sesongens siste fotballkamp på Bordholmen stadion for i år. Da er det lokaloppgjer mellom Søya/Todalen G9 og Surnadal G9. Her er det lokale spelarar, både på heime- og bortelaget. 


Oppfordring frå Todalen Idrettslag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 3. oktober 2021

Da medlemskontingenten for Todalen Idrettslag for 2021 vart utsent tidlegare i haust, oppstod det ein liten feil. Feilen er at forfallet vart sett til 14.11.2021, nesten tre månader fram i tid. Dette skulle ha vore 14.09.2021. Difor oppfordrar Todalen Idrettslag sine medlemmer til å snarast betale kontingenten for 2021, sjølv om forfallsdatoen framleis er om over ein månad. 


Vellykka lansering av «På tur i Todalen»

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 2. oktober 2021

Laurdag var det offisiell opning av trimappen «På tur i Todalen ved gapahuken i Båthølen. Appen blir levert av  Turpoeng, og kan lastast ned både på iPhone og Android.      Knapr 40 trimmarar hadde teke turen for å vere med på den offisielle lanseringa, sjølv om turmåla opna for registrering frå fredag, og allereie var teke i bruk av fleire turgåarar.


Kvass/Ulvungen – Søya/Todalen G9

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 1. oktober 2021

I går kveld var Søya/Todalen G9 i Ålvundfjorden og spela kamp mot Kvass/Ulvungen. Kampen vart spela innandørs i fotballhallen til Kvass/Ulvungen på Ålvundfjord stadion, noko som passa bra på ein kveld med mykje vind.  Kampen vart, som ofte lokaloppgjer blir, ein jamn kamp der laga skifta på å ha føringa i målprotokollen. Rapportane fortel om […]


Lanseringa av «På tur i Todalen» nærmar seg

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 1. oktober 2021

Frå 1.oktober blir trimpostane til Trimgruppa i Todalen Idrettslag, som tidlegare nemnt, opna for digital registrering gjennom appen Turpoeng. Frå neste veke vil: «http://www.trimpoeng.no/i/paa-tur-i-todalen/», bli «levande» og registreringa kan ta til. Her finn du alt av informasjon og rettleiing du treng for å kunne bli med på den digitale registreringa av trimturane dine. Her kan du ôg laste ned Trimpoeng-appen. Når det blir opna for å registrere seg i appen på telefonen, vil alle registrerte bli synlege. Samstundes vil turane med besøk, i samtid, bli synlege. 


Sesongens siste friidrettskveld

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 30. september 2021

I går kveld ettermiddag var 17 barn og unge, i alderen 4 – 14 år, samla til sesongens siste friidrettskveld på Bordholmen stadion. Der sto lengde (med og utan tilløp), kast av liten ball, 60-meter og 400-meter på programmet. 


Friidrett på Bordholmen onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 28. september 2021

Onsdag 29. september klokka 17:30 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til sesongens siste friidrettskveld på Bordholmen stadion. Og denne gongen, kan dei skilte med servering av frukt igjen, etter at samfunnet no har gått attende til «normale» tilstandar etter koronarestriksjonane, som har vore dei siste halvanna året. 


Digitale trimbøker frå 1. oktober

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. september 2021

Som vi tidlegare har skreve, så blir Trimgruppa i Todalen Idrettslag sine trimbøker digitale frå fredag 1. oktober. Du lastar ned appen Trimpoeng, enten i Appstore (for iPhone) eller Play Butikk (for Android). Når du har lasta ned appen, går du inn og registrerer deg som brukar. Rettleiing i bruk av appen vil det bli gjeve under Trimgruppa sitt arrangement i Båthølen laurdag 2. oktober klokka 12:00, samstundes som det vil ligge rettleiing på kvar av dei 24 trimpostane.  


Sunndal – Søya/Todalen G9

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 24. september 2021

Torsdag kveld tok Søya/Todalen sitt G9-lag turen til Sunndalsøra og Lille Ekeberg for å spele seriekamp. Ein kan trygt seie at vêrgudane ikkje spela på lag, da det var skikkeleg dårleg vêr med regn, sterk vind, surt og kaldt. Men kamp vart det, og det vart ein kamp med heile atten mål. 


Søya/Todalen J10 til Kristiansund

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 20. september 2021

I dag har Søya/Todalen sitt J10-lag vore i Kristiansund og spela to fotballkampar. Første kamp var mot Nordlandet på Kunstgressbanen, medan kampen mot Dahle gjekk på NEAS arena. Dei 11 jentene var heldige med vêret, nemleg kjempefint haustvêr med sol, når dei tok turen til Kristiansund for å spele to kampar på ein dag. 


Jamn kamp for Søya/Todalen G9

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 17. september 2021

Torsdag kveld spela Søya/Todalen sitt G9-lag heimekamp på Søyabanen mot Tingvoll G9. Det var litt «duskregn» under kampen, men det såg ikkje ut til å påverke spelarane sin innsats nemneverdig. Så det vart ein velspela og jamn kamp publikum fekk sjå.