Styret i Todalen I.L. – 2025
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Asbjørg Husby
Sekretær: Turid Sæther Todalshaug
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Torill Talgø
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Ola Talgø/Eirin Børmark
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Ingrun Torvik, medlem for 2 år: Astrid L. Kvendset og medlem for 3 år: Harald Myrås
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

«Kaffekrokens venner» startar opp med trim på Hett & Svett
«Kaffekrokens venner», som har fast dagleg oppmøte i kaffekroken på Matkroken Todalen, har bestemt seg for å starte opp med trim på Hett & Svett kvar onsdag, frå klokka 10:00 – 11:00. Første trim blir onsdag 31. januar.

Balleik i gymsalen onsdag
Onsdag 24. januar klokka 18:00 – 19:00 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til Balleik i gymsalen ved Todalen skule. Her blir det opp til dei som møter opp å avgjere kva for balleikar dei skal halde på med i timen dei har til aktivitetar. Tilbodet gjeld for 1 – 10. årstrinn.

Pop-up «barn i løypa» i kjempefine løyper
I går ettermiddag inviterte Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til Pop-up «barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. – Det var kjempefine løyper og verkeleg fine forhold for å gå på ski, sjølv om det var mange kuldegrader, fortel leiar i Barne- og ungdomsgruppa, Anders Gjeldnes.

«Barn i løypa» i morgon onsdag
Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag inviterer til «barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra onsdag 17. januar klokka 17:30. – Det er kort varsel, så det blir meir som eit «pop-up» arrangement, men det er fine forhold for å gå på ski no, så da må vi berre kome i gang, seier Anders Gjeldnes, leiar i Barne- og ungdomsgruppa.

Ny giv for Kjerringdilten
I år blir det nok ny giv for Kjerringdilten, seier Terje Nordvik som saman med styret for TIL Skihytta har invester i nye startnummer til årets arrangement. Langfredag er nemleg årets høgdepunkt, når Kjerringdilten går av stabelen. Terje er leiar i hyttestyret, og saman med Veidekke som sponsor er det investert 10-12.000 i nye startnummer til Kjerringdilten og andre arrangement på Skihytta som Todalen IL har på Ørsalfjellet.

Årets Todalsdag blir laurdag 29. juni, men det skjer også mykje anna
«Årshjulet» til Todalen Idrettslag viser at at det er mykje som skjer framover, og i tillegg til det som allereie er datofesta, så blir det heilt sikkert «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra og lagseriestemne på Bordholmen. Årets Todalsdag blir laurdag 29. juni, der det blir både fotballturnering og «Ræta opp!».

Kallar inn til årsmøte torsdag 7. mars
Styret i Todalen Idrettslag kallar inn sine medlemmar til årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 7. mars klokka 19:00. Den som vil seie frå seg tillitsverv i idrettslaget må gjere dette skriftleg til valnemnda innan laurdag 10. februar.

Prima forhold på Tjønnmyran
I dag er det nyoppkøyrte løyper i lysløypa på Tjønnmyran. Det siste snøfallet sikra nok snø til å kjøre på nye spor i lysløypa, seier Ståle Ansnes som stiller opp med traktor og spormaskin i anlegget. Etter at det hadde regna i fleire dagar så var det berre litt av sålen som låg att i løypa.

Da er tredemølla reparert
Den eldste tredemølla på Hett & Svett har ei stund vore ute av drift, noko som har halvert kapasitet for trening på tredemølle. Driftsleiar på Hett & Svett, Anders Mo, kan no opplyse at dei har funne feilen, og at ny del er montert. – Så no fungerer tredemølla som den skal igjen, kan han fortelje.

Fine forhold på skeiseisen
Finn Ranes i Barne- og ungdomgruppa i Todalen Idrettslag melder at det no er nypreparert skeiseis på Bordholmen stadion, og at det er fine forhold for å gå på skeiser.

Nye vinnarar fredag – luke 22 i julekalenderen
Fredag er det luke 22 som rår – 4 nye gevinstar er trekt ut, og dermed er 4 vinnarar på plass. Den første gevinsten i dag er ein stikkahals i ull. Den hamnar hos Liv Jorunn Moe i Bekkerhagan.

Så opnar vi luke 21 – med 4 nye gevinstar
Vi nærmar oss finalen i årets Julekalender frå TIL trimgruppa. I dag har vi trekt 4 nye gevinstar, og fått 4 heldige vinnarar som vi presenterer her. På første gevinsten har vi ei julestjerne i røyalimpregnert og med lys – her vart det Arndis Søyset som vart vinnar.