Styret i Todalen I.L. – 2025
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Asbjørg Husby
Sekretær: Turid Sæther Todalshaug
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Torill Talgø
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Ola Talgø/Eirin Børmark
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Ingrun Torvik, medlem for 2 år: Astrid L. Kvendset og medlem for 3 år: Harald Myrås
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

Tjønnmyran – nyfresa i lysløypa
Etter siste mildvêret vart det skart og hardt føre i den nye lysløypa på Tjønnmyran. Laurdag ettermiddag vart heile løypa fresa skikkeleg opp, og det var køyrt på nytt spor. Ypperleg forhold for den som vil ta seg ein ettermiddags- eller kveldstur i løypa, fortel Ståle Ansnes som var der med traktor og løypemaskina.

Strøken is på Bordholmen….
Det kalde været dei siste dagane har vært til stor hjelp både for produksjon av snø i Sæterlia og is på Bordholmen. Isen er klar til bruk, og Todalen Idrettslag har både køller, puck, mål – og noen få skøyter til utlån, melder Knut Bergli i T.I.L.

Hjortfesta blir laurdag 31. januar
Hjortfesta som var planlagt i fjorhaust blir arrangert laurdag 31. januar, fortel festleiar Håvard Halset, som oppfordrar til å kome på fest. Denne gongen er det jaktlaget på sørsia som er arrangør, og dei har mykje å by på denne kvelden – mellom anna ein velsmakande viltmeny.

Skistreff med stor trivselsfaktor
Søndag inviterte Todalen I.L. til skitreff i den nye lysløypa på Tjønnmyran, og det var eit populært tiltak med både stort frammøte og stor aktivitet både i og utafor sporet. Med passe aktivitetsnivå, supplert med bålpanne og varm drikke klarte alle å halde varmen, sjølv om nokre få kuldegrader og litt auståvind beit godt.

T.I.L.: Endringar i driftsstyret for vinteranlegg og skihytta
Det nye lysløypeanlegget på Tjønnmyran er ferdig og teke i bruk. I samband med drifta av det nye anlegget, nyttar driftsstyret høvet til å tilpasse mannskapet i gruppa. Endringane som blir gjort er førebels, og gjeld fram til årsmøtet seinare i vinter, fortel Terje Nordvik, som leiar gruppa som har ansvar for alle vinteranlegg, løypekjøring og for skihytta.

Ski-treff på søndagar
Ski-og friidrettsgruppa startar opp med ski-treff i den nye lysløypa på Tjønnmyran søndagar framover. Første treffet blir førstkommande søndag, 18.jan kl 14.00. Her er skiløparar i alle aldrar er velkomne til å være med. Ski-gruppa stiller med varm saft.

…og det ble lys!
I dag ble det lys i den nye lysløypa på Tjønnmyran for første gong. Den siste tida har det vore jobba med tilkopling av strøm, og i kveld vart det lys for aller første gong. No er det berre å spenne på skiene og ta ein prøvetur!

Dametrimmen startar på igjen..
Etter ein velfortjent ferie startar dametrimmen på igjen torsdag kveld kl 20. Den foregår i gymsalen i todalen oppvektsenter, og vi gå kvar torsdagskveld framover vinteren og våren. Nye og gamle trimmarar er velkomne, melder Turid h. Sæther som er instruktør for dametrimmen.

52/17 – den første søndagsturen blir til Bæverfjord
Den planlagte turen føstkommande søndag (4.1.) til Tjønnmyra blir flytta til Bæverfjord, melder kulturleiar Lilly Husby. Dette er ein rundtur i Bæverfjord som du kan gjennomføre ved å gå, sykle eller jogge. Du kan starte kvar som helst på runden, og du krysser elva Bøvra to gonger. Turen går hovudsakleg etter asfalt og god grusveg, og passeringa av hengebrua over Bøvra vil for mange vera høgdepunktet på turen. Runden går i flatt terreng, og er ein lett nystartartur på sykkel. Til fots tek turen ca 1- 1,5 time rask gange.

Romjulsdrønn trekte fullt hus
Julerevyen «Juledrønn» trekte rundt 150 tilhøyrarar på hovudførestillinga Ungdomshuset 3.-dagskvelden, og publikum fekk full valuta for pengane. Her var det «æksjen» frå start til mål, og publikum fikk skikkeleg forklaring på kvifor revyen hadde fått namnet «Romjulsdrønn». Årets gjesteartistar kom fra «Øverbygdrevyen» i Sagatun og «Bygdatrall», og dei skjemte slett ikkje laget!

Stor deltaking på romjulsmarsjen 3. juledag
Årets romjulsmarsj sette ny deltakarrekord – nærare 170 deltakarar var registrert, og tok runden rundt bygda på det fine føret. Litt kald var det, men folk var både godt kledd og godt skodd – så det var ingen som klaga om gradstokken kom ned mot -10 grader. Det er artig å være arrangør når ein får slik respons seier Jorunn Nordvik, som er leiar i TILs trimgruppe som var arrangør.

I dag: Fint føre for romjulsmarsjen
Det ligg godt tilrette for stor deltaking på årets romjulsmarsj, som startar i dag fra kl 12.00 og frm til kl 15. Trimgruppa har rusta seg med mykje varm gløgg, slik at deltakarane skal få noko å varme seg på runden rundt bygda.