Utrykningsleiarar: Håvard Halset og Marie Martinussen
Øvrige: Ståle Ansnes, Bjørn Kvendset, Dan Roger Pedersen og Anders A. Karlsen
Nyheter knytta til Todalen Brannvesen

Opphevar forbod mot bålbrenning
Forbodet mot open eld og bålbrenning er oppheva i dag. Det er kanskje ikkje nokon nyheitbombe, da det har regna såpass at det ikkje lenger er nokon brannfare. Brannsjefane på Nordmøre oppfordar folk til å være forsiktige, da det kan være lokale variasjonar i nedbørsmengden.

Har du lyst til å bli brannkonstabel?
I Todalen har Surnadal kommune ledig jobb som deltids brannkonstabel frå 1. juli, kan vi lese på heimesida til Surnadal kommune. Ein av konstablane når no aldersgrensa for slik teneste, og vi har godt håp om at nokon kan bli med å ta del i brannsikringsarbeidet lokalt i Todalen, seier brannsjef Tor Arne Moen til Todalen.no

FORBUD MOT BRUK AV ÅPEN ILD/BÅLBRENNING OPPRETTHOLDES
Brannsjefane i Aura, Smøla, Halsa, Surnadal, Sunndal, Tingvoll, Averøy, Gjemnes og Kristiansund har på nytt vurdert det midlertidige totalforbudet mot bruk av åpen ild/bålbrenning.

Vel gjennomført storøvelse
Klokka 10 i dag gjekk alarmen om at det hadde vore eksplosjon ved Surnadal vidaregåande skule. Mange skadde var eit faktum, og alle nødetatar i kommunen vart alarmert. Det var heldigvis berre ein øvelse. Den store øvelsen som hadde vore planlagt i over to månader, fekk oppunder 1000 mennesker i sving. Her vart alt tilgjengeleg mannskap frå Surnadal Brann- og redningsvesen (inkludert avdeling Todalen og Kvanne), politiet (inkludert 112-sentralen), kriseteam, helsetjenesten i kommunen, St. Olavs hospital, AMK tjenesten, ambulansetjenesten Helse midt, Surnadal Røde Kors og Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening utkalla til ein så realistisk øvelse som muleg.

Knusktørt og brannfarleg
Det er no ekstremt tørt over heile distriktet, og i ein liten prat med brannsjef Tor Arne Moen, understrekar han kor viktig det er å respektere forbodet mot å bruke open eld på grunn av brannfaren. Han seier at det er veldig lett å gløyme seg, og ei lita glo eller ein liten flamme på avvegar kan være katastrofal.

Forbod mot open eld/bålbrenning, også på kyrkjegardane!!
Forbodet mot bruk av open eld gjeld også på kyrkjegardane i kommunen. Inntil forbodet blir oppheva skal kun gravlykter med batteri nyttast.

Snart er vi klare for nyttår…
Når rakettane kjem i butikkhyllene er det eit sikkert tegn på at vi nærmar oss nyttår med stormskritt. Det er ikkje noko unntak på Matkroken L.Hals, der det har vore eit bra rakettsalg i romjula, så det blir nok ei skikkeleg markering av nyttåret i Todalen.

Brann, kos og hygge
Overraskande mange unge tok turen til Sanitetshuset i dag for å delta på brannøvelse i regi Todalen Sanitetsforening og Todalen Brannvesen. 1. desember er røykvarslarens dag, og dette ønska Todalen Sanitetsforening å markere litt ekstra under sitt tradisjonelle førjulstreff. Derfor var utykningsleiarane Ivar Bolme og Håvard Halset representert frå brannvesenet under arrangementet.

Førjulstreff med brannvern
Søndag 1. desember arrangerer Todalen Sanitetsforening førjulskaffe i Sanitetshuset. Der blir det denne gongen eit litt annleis arrangement, sidan det er røykvarslarens dag denne dagen, noko Omsorgsberedskapsgruppa i saniteten ønsker å markere. Derfor kjem utrykningsleiarane i Todalen Brannkorps til Sanitetshuset for å demonstrer sløkking av brann kl 14.
Les heile saka
Brannmenn på besøk i barnehagen
Sist veke var brannvern i fokus ved Todalen barnehage og skule. Kvar haust tek vi tak i temaet i samband med nasjonal brannvernveke. Vi legg vekt på brannsikkerheit. Vi lærer å evakuere om brann skal oppstå, naudnummeret til brannvesenet og så lærer barna kor viktig det er med røykvarslarar i alle rom – og at det er batteri i dei. Vi hadde felles brannøving med skulen, der vi evakuerte bygningane. Høgdepunktet var besøk av den lokale brannbilen!
Les heile saka
Spanande brannvernveke
Denne veka er det brannvernveke på Todalen oppvekstsenter. I dag hadde vi besøk av Ståle og Ivar med demonstrasjon av brannbilen i Todalen. Vi starta øvinga med brannrekkje frå klasserommet til ballbingen. Der gjekk Ola gjennom alarmplana. Ståle og Ivar fortalde om arbeidet sitt som brannmenn, vi høyrde om alt frå slokking av pipebrann til bruk av hjartestartar.
Les heile saka
Omsorgsberedskapen har fungert bra så langt i Todalen
Mange frivillige har dei siste dagane stått på for å få Todalen på rett kjøl igjen etter raset onsdag. Mange som uavhengige frivillige, og nokre organiserte som Todalen Sanitetsforening, Røde Kors og det lokale brannkorpset. Og ikkje minst Arnt Ivar Brøndbo som gjekk av si ordinære vakt som ambulansesjåfør rett før raset gjekk, og var dermed i Todalen ulykkesdagen. Han er no ein av dei som er med og bidrar til at folks liv og helse ivaretas i bygda.
Les heile saka