Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forbod mot open eld/bålbrenning, også på kyrkjegardane!!

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. januar 2014

Brannsjefane i Aure, Smøla, Halsa, Surnadal, Sunndal, Tingvoll, Averøy, Eide, Gjemnes og Kristiansund innfører eit midlertidig totalforbod mot bruk av open eld/bålbrenning. Forbodet er grunna i den store brannfaren som følgje av at det er tørt i skog og mark og stor fare for gras- og lyngbrannar.

Ifølgje skogbrannindeksen og OBS-varsel frå meteorologisk institutt vil situasjonen vedvare og forbodet vil gjelde til det kjem nedbør av ein slik mengde at faren for spreiing ikkje er til stades. Forbodet gjeld også eingongsgrillar og bålbrenning i fjæra.

Forbodet mot bruk av open eld gjeld også på kyrkjegardane i kommunen. Inntil forbodet blir oppheva skal kun gravlykter med batteri nyttast.

 image

Tente lykter vil bli slokka etter pålegg frå brannsjefen

 

 

Publisert: 30. januar 2014, 12:00