I samband med barn i løype førstkomande søndag, vil det bli høve til å prøve seg på skimerket, melder ski- og friidrettsgruppa i Todalen idrettslag. Det er start kl 14.00, – og det skjer i lysløypa på Tjønnmyra.
Les heile saka
Har du lyst til å bli brannkonstabel
Surnadal kommune lyser ut ledig stilling som brannkonstabel i Todalen. Brannlaget i Todalen består av 6 mann, og no er altså ei av stillingane ledig for snarleg tiltreding. Det lokale brannlaget har ein viktig funksjon i bygda, og dei har gjennom sin innsats klart å berge store verdia – vi nemner berre brannen på Todalsøra […]
Les heile saka
Fra Urvoll til Trondheim
Ny måned, ny blogg. Her fra Stine Saksen Sydow.
Les heile saka
Tysdag – langope på Kårvatn Fjellutstyr.
Kårvatn Fjellutstyr har langope i morgon tysdag 16. februar frå kl 10-20. – Vi har ekstra gode tilbod på utvalde varer kun i morgon. Til dømes nokre skipakkar, soveposar, skredpakkar, dunjakkar, spadar, fortel butikksjef Laila Kvendset Bergli til Todalen.no. Det blir sal av kaffe, te, brus og marengskake!

Todalskoret med «Vandring i faste» i Øye kyrkje
Ondag 17. februar kl 19.30 er Todalskoret/Åsskard kyrkjekor gjestar i Øye kyrkje,saman med sin dirigent Bernt Bøe. Dei vil mellom anna framføre den vakre Folketonemessa som er skreve og arrangert av Bernt G.Bøe over folketonar frå Todalen .
Les heile saka
Ildri klokkar takkar av
Ildri Sjøland Øyen har vore klokkar i Todalen kyrkje i heile tolv år. Ho har vore ein trufast, dyktig og fargerik klokkar som kyrkjelyden i Todalen har sett stor pris på! Ildri seier at ho synest klokkarjobben har vore både givande, interessant og kjekk, men i dag var det altså siste ordinære arbeidsdagen. Det blir […]
Les heile saka
Godt jobba!
Årets randoneehelg er over – kaldt var det, med temperaturar ned med 12-13 grader på søndag – men du verden for ei oppleving for både løparar, arrangør og funksjonærar som alle har stått på frå morgon til kveld. Det er egentleg veldig artig å være arrangør, når alle er så nøgde. Vêret og føret har […]
Les heile saka
Vertikal – Sindre Hoff frå start til mål
Det var ingen som kunne tukte Sindre Hoff i søndagens randoneecup vertikal. Hoff klarte å halde konkurrentane bak seg frå starten på Øraekra og heilt til mål på Litj-fjellet på 886 m.o.h. Og den turen gjorde han unna på knappe 36 minutter. I dameklassen vart det ein ny seier for Malene B. Haukøy, og Sondre Andersson Svensli var suveren i juniorklassen.
Les heile saka
Samla troppane til arbeidsmøte – kvar vil vi?
I samband med NM-arrangementet i Todalen inviterte Norges Skiforbund løparar, funksjonærar og arrangørar til eit lite arbeidsmøte på Talgø utstillingssenter laurdag ettermiddag. Hensikten med møtet var å prøve å stake ut kursen vidare for randoneesporten, fortel Martin Bartnes frå Norges skiforbund.
Les heile saka
NM randonee – i bilder
Under dagens NM individuell var vi så heldig å ha fleire kameraer ute i løypa. Under har vi derfor lagt inn fleire bildegalleri frå målområdet og heilt opp til toppen av Tydalsnebba. Rennleiar Nils Ove Bruse i Todalen IL fekk nok ein gong velfortjent skryt for eit fremdragande arrangement frå Martin Bartnes i Skiforbundet i målområdet etter endt dag. Og med mellom 30 og 40 personar fordelt i sekretariat, kiosk, og løypemannskap med mange års erfaring så er det kanskje ikkje så rart at dette arrangementet går på skinner.
Les heile saka
Kvanne-Rykkjem midlertidig ute av drift
Fjord 1 melder no at rute 46 mellom Kvanne og Rykkjem må kansellere avgangane 16.30 frå Kvanne og 16.45 frå Rykkjem på grunn av tekniske forhold. Normal drift i sambandet frå 17.30 i henhold til oppsett rutetabell.

NM: Skjervheim, Haukøy og Svensli til topps – oppdatert
Det var ikkje uventa at Lars Erik Skjervheim og Malene B. Haukøy gikk til topps i herre og dameklassen under NM randonee individuelt på Kårvatn i dag. I juniorklassen var det Sondre Anderson Svensli som trekte det lengste strået og sikra seg NM-tittelen.
Les heile saka