Todalen Sokneråd inviterer til hausttakkefest i Todalen kyrkje søndag 4. september klokka 11:00. Det blir også utdeling av bøker til 4 og 6-åringane. Liturg er Torbjørn Brøske medan Bernt G. Bøe er organist.
Les heile saka
Har nokon sett Simba?
Natacha Nordvik på Liatun, undrar på om nokon har sett katten hennar Simba? Simba er ein kastrert hankatt på eitt og eit halvt år, og han er glad i folk. Han har vore borte sidan torsdag sist veke, og Natacha lurer på om nokon har sett han?
Les heile saka
Friidrett på Bordholmen onsdag
Onsdag 31. august klokka 18:00, inviterer Barne- og og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag alle i Todalen, på Nordvik, og resten av Todalen og Stangvik skulekrins, til friidrett på Bordholmen stadion. Det blir lengde (med og utan tilløp), kast med liten ball og springing av 60 og 400 meter.
Les heile saka
Statnett SF skal detonere eksplosivar langs Auralinja
Martinus Ørsund, hos Statnett SF, melder at det frå i dag og fram til fredag, vil bli bli detonert eksplosivar i ei høgspentmast langs Auralinja, frå Todalen litt opp i lia mot fjellet. Grunnen til dette er naudsynt arbeid som følge av eit havari. Statnett SF beklagar den korte fristen for varslinga, men havariet gjer det naudsynt å få gjort dette arbeidet med ein gong.
Les heile saka
Ope bakeriutsal hos Lia gard fredag
Fredag 2. september, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til helgakaffen.
Les heile saka
Raset i Åsbøsnyta – større enn ein kunne tru
Den 16. juli hadde vi ei sak om eit ras som hadde gått i Åsbøsnyta som hadde stoppa før det kom ned til vegen. Vi hadde eit par bilder som var tekne på avstand, slik at det var vasnkeleg å sjå kor stort det var. Anders Magne Ormset, som driv jakt i området her, var i området her i går som førebuing til jakta. Han vart overraska over kort stor raset var, og har sendt oss bilde frå rasområdet
Les heile saka
Kløvertur til Råa og Løfta
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 29. august. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?
Les heile saka
BH-festivalen – sosialt og triveleg å treffast
Pandemien vi har opplevd dei siste 2-3 åra har vist oss at vi har behov for å treffast og være sosoiale – BH-festivalen er ikkje noko unntak. Elinor Bolme ønska eit 50-tal deltakarar velkomne på BH-festival i Bekkerhagan bustadfelt, og sa at dei hadde ikkje så mykje å by på, men det er atig å treffast lell. Bekkerhagan Vel var vertskap for BH-festivalen.
Les heile saka
Søyacupen 2022 vart ein suksess
Årets utgåve av Søyacupen vart arrangert på Søyabanen i dag. 64 lag med spelarar, både jenter og gutar, i alderen 6 – 12 år, spela totalt 97 kampar. Ramma rundt Søyacupen var som vanleg bra, og når dei i tillegg fekk med seg vêrgudane på laget, så vart det ein vellykka cup med gode fotballminner for både spelarar og publikum.
Les heile saka
Sesongslutt på Todalshytta i helga
Lørdag 27. og søndag 28. august er siste sjanse for à la carte meny i restauranten på Todalshytta. Fra neste uke er Todalshytta åpen bare på bestilling for selskap, arrangement og overnatting, melder Arve Evensen. Ta kontakt med Arve på telefon 929 97 550 for eventuell avtale om servering og overnatting.

Inviterer til Stikk UT! Festival!
1.- 11. september inviterer Friluftsrådene i Møre og Romsdal til markering av friluftslivets uke med en feiring av Stikk UT! og den enorme turgleden som regjerer i fylket vårt. Denne uka oppfordres alle til å ta en tur eller to til ett eller flere av de 500 turmålene i årets sesong. – Og ta gjerne med deg noen på tur, er oppfordringen, når Stikk UT! nå setter fokus på verdien av å være ute i naturen – sammen!
Les heile saka
Bli med Fjellgruppa til Ansnessetra
Tysdag 30. august inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til tur til Ansnessetra i Todalen. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00, for samkøyring til Todalen og Todalsøra. På Todalsøra vil kjentmann Gudmund møte opp og vise kor det kan parkerast.
Les heile saka