Todalen bøgdalag inviterer til «Skuddårsquiz» i Todalen ungdomshus fredag 1. mars klokka 20:00. Dørene opnar klokka 19:30. Quizmaster denne gongen er Endre Talgø, og bøgdalaget lover fine premiar til dei to beste laga!
Les heile saka
Todalen bøgdalag inviterer til «Skuddårsquiz» i Todalen ungdomshus fredag 1. mars klokka 20:00. Dørene opnar klokka 19:30. Quizmaster denne gongen er Endre Talgø, og bøgdalaget lover fine premiar til dei to beste laga!
Les heile sakaPlutseleg stod dei på vegkanten! Du treffer på dem på vegkanten, og da er det berre å stoppe, for både rådyr og hjort som krysser vegen kan være veldig uberegnelege og smeller det så er det du som har skulda! Søndag kveld var det 8 rådyr på vegkanten på Kvennset, og jammen klarte vi ikkje å knipse eit par bilder i lyset frå bilen og gjennom frontruta.
Les heile sakaVi likar å kalle revyen vår for avgangsrevy heller enn russerev – årsaka til det er at vi vil inkludere alle avgangselevane i revyarbeidet – ikkje berre årets russekull. Deit to revysjefane, Kirsten Marie Nordvik og Jannicke Valstad Stenberg har denne helga invitert lokalpressa for å informere om revyarbeidet som no altså er igang. Og dei to virka som dei hadde full kontroll, for 7., 8. og 9. mars må dei ha alt klart, for da kjem 3 forestillinger på løpande band i Storstua på kulturhuset.
Les heile sakaOnsdag 31. januar klokka 12:00 viser Seniorfilmklubben i Surnadal dramathrillaren på Surnadal kino. Filmen er laga i 2006.
Les heile sakaDet er nok mange som i vinter har opplevd av det har minka sterkt i vedlageret. Sjølv om varmepumpene har overteke mykje av oppvarminga, så er det nok mange som likar å fyre litt i ovnen i tillegg. Gudmund Kvendset er ein av dei som likar best varmen frå vedovnen – og det ser ikkje verre ut enn at det blir råd for litt varme til neste vinter og.
Les heile sakaMed gjennomsnittsalder på 24 år så må dei kunne påberope seg at det er eit ung miljø i NordHus AS. Men sjølv om dei er ung så har dei alt skaffa seg god og verdifull erfaring som snekkarar. Det er Kristoffer Nordvik og Eirik Nordvik som i dag eig bedrifta i lag – med 50% kvar. Kristoffer og Eirik har satsa for fullt, og har det siste tida satsa på mesterbrevet – og no er NordHus godkjent mesterbedrift.
Les heile sakaTru om det ikkje er var årets første solgløtt på Kvennset i dag? Det har vore sagt at første dag med sol på Talgø-fabrikken er 21. eller 22. -alt etter om det er skottår eller «vanleg» år. Først ute for å få sola er nok Todalshaugen og så Sissigrenda. Vidare kjem nok sola vidare oppover bygda og til Husbygrenda den 27. eller 28. januar. Her har vi ikkje sett sola sia midten av november. Endeleg går det mot lysare tider!
Fra tellekorpset kan det meldast at det er svært tett i teten og få stemmer som skil topp fire av kandidatane som er med i kampen om den høgthengande og gjeve tittelen årets bilete 2023. Det er berre å finne sin favoritt og tastaturet for å avgi stemme! Og det før midnatt søndag.
Les heile sakaSurnadal demensforening og helselag inviterte til nyttårsfest for eldre torsdag ettermiddag og kveld. Liv Botten som er mangeårig leiar i foreninga var spent på om det vart nokon respons på invitasjonen, men der tok ho feil. Da fristen for påmelding var ute hadde ho over 80 namn på lista, og da var det berre å trø i gang i samarbeid med Thon Hotel Surnadal.
Les heile sakaPå søndag hadde brørne Martin (20) og Håvard (22), saman med kompisen Ruben (22), alle tre frå Trondheim, bestemt seg for å ta ein skitur til Strengen. Da dei til parkeringsplassen på Vang, fekk dei sjå Sula, og sia det såg ut som ein meir krevjande skitur, valte dei å sette seg i bilen att og køyre til Nordvik. At dette valet skulle innebere ein skitur av det dramatiske slaget, var det ingen av dei tre som tenkte på da køyrde innover til Nordvik. Dei parkerte på parkeringsplassen på enden av Blomlivegen ved inntaksdammen, og starta på turen opp til Sula.
Les heile sakaSunndalingen kom med sin sjette roman før jul og vil presentere innhaldet i denne på Surnadal bibliotek tysdag 30. januar klokka 19.30. «Gullungen» er, etter kva ho sjølv seier, «ein roman om søskenkjærleik, tjuvfiske og utanforskap i den vesle bygda Grodal», og krydrar historia med mykje materiale henta frå eigen oppvekst på Nordmøre.
Les heile saka«Kaffekrokens venner», som har fast dagleg oppmøte i kaffekroken på Matkroken Todalen, har bestemt seg for å starte opp med trim på Hett & Svett kvar onsdag, frå klokka 10:00 – 11:00. Første trim blir onsdag 31. januar.
Les heile saka