Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Feier vekk siste rest av vinteren

Jon Olav Ørsal Fredag 12. april 2024

I dag sørga Teigan Maskin for å feie vekk siste rest av vinteren på dei kommunale vegane.  Det var berre så støvskya stod rundt traktoren som hadde Pilskarvegen og Markavegen som mål for sine tenester.  Dermed er støvet av strøsandrestane borte og det blir reint og fint etter dei kommunale vegane.  

Mykje sand på vegskuldra – når dette blir børsta vekk så blir vi vel kvitt støvplaga. Foto jon Olav Ørsal

Som sagt er det Teigan Maskin som har jobben, og det var Rolf Ove Røv som satt attafor rattet i traktorfeiaren.  Pilskarvegen går frå Pilskaret og over til Øyabrua, og Markavegen går frå Bruset og oppover til asfalten sluttar ved Trudvangkrysset. 

Publisert: 12. april 2024, 12:19