Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med hit-Møre og Romsdal viste seg fram i Oslo

Stig Husby Torsdag 11. april 2024

Torsdag kveld var vi ein tur innom «Bli med hit» messa på Clarion Hotel The Hub i Oslo, der nærmare 150 potensielle arbeidsgjevarar hadde laga ei flott utstilling for dei mange besøkande. Messa er eit samarbeid mellom Molde Næringsforum, Kristiansund og Nordmøre næringsforum og Næringsforeninga i Ålesundsregionen. Målet er å vise mangfold og ein svært variert arbeidsmarknad i fylket vårt.

Det er ingen tvil om at Møre og Romsdal fylke treng langt fleire i arbeid dei kommande åra, og med ei slik stor arbeidsmesse klarte dei mange bedriftene som deltok å vise seg fram for potensielle arbeidsøkjande. Vi hørte både sunnmørs, nordmørs og romsdals-dialekter inne i den store utstllingssalen, og noko av det første vi hørte var todalsdialekt. Anniken Talgø som er heimflytta Todaling, no busett på Molde, stod på stand for Polaris Media og Romsdals Budstikke. Saman med kollega Arild Honningsvåg fortalte ho om samarbeidet i Polaris Media, og om dei spennande mulegheitane for å arbeide hos dei innan media. Det er viktig med slike samlingspunkt som dette, fortel Anniken, her møter vi mange som vurderer å flytte heimover etter endt utdanning. For dei som ønsker å arbeide med salg og markedsføring innen mediebransjen, så har vi mange spennande muligheiter hos oss, fortel ho.

Fleire Todalinger på jobbmesse i Oslo, her Anniken Talgø og Ola Talgø. Foto: Stig Husby

Fleire av bedriftene hadde lagt mykje arbeid i stands og utstilling, både med skjerm og fysiske produkt dei delte velvillig ut til dei besøkande. Det var artig å sjå mange kjente merkevarer og firmanavn denne kvelden, og det var godt med besøk innom heile kvelden arrangementet varte. Så får vi håpe at utflytta møringer i Oslo  tek sjansen og vender heimatt til spennande jobber og alt det fylket vårt har å by på.

Publisert: 11. april 2024, 18:28