Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Unge krefter i aksjon: Felles gudsteneste

Tekst og foto: konfirmantlærar Bernt Bøe Torsdag 11. april 2024

Gudstenesta i Stangvik søndag kveld er sams med Todalen og Åsskard. Konfirmantane har viktige roller.  Å vera gode medmenneske er hovudtema. Forteljinga om den miskunnsame samaritanen blir presentert som drama. Dermed tek 15-åringane oppgjer med valden og mobbinga som pregar mykje av dagens samfunn.

Under øvinga tysdag vart den to tusen år gamle teksten flytta til vår tid og utforma med både humor og gripande alvor. Framstillinga dannar evangeliedelen av gudstenesta.  Dei i alt 18 konfirmantane pregar liturgien også elles. Såleis er dagens forbøner utforma som teamwork. Blant tankevekkande ønske er fred i Gaza og Ukraina, betre vern om natur og miljø, at alle må få mat og – i tråd med dagens evangelium – at mobbing må opphøre, slik at elevane kan oppleve rettferdige og fredelege friminutt på skulen.

Aleks og Tora forklarer med sine roller kven som er «vår neste».

I heile vinter har konfirmantane vore aktiviserte i sine kyrkjer. Ein finn det difor naturleg at dei får utvida spelerom i denne søndagens gudsteneste. Og den er altså eit kveldstilbod til alle små og store dei tre sokna Stangvik, Todalen og Åsskard.  Liturg og predikant er Torbjørn Brøske. Det skjer altså i Stangvik kyrkje søndag 14. april kl 19:30

Først publisert: 11. april 2024, 04:00 - Sist oppdatert: 12. april 2024, 20:49