Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Demens – vanleg og vanskeleg

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. april 2024

Demens – vanleg og vanskeleg var tittelen på foredraget som Kari Løvendahl Mogstad heldt onsdag kveld i regi av Surnadal demensforening og helselag.  At dette var eit interessant og aktuelt foredrag var det ingen tvil om, for Kari trekte fullt hus i kantina på Surnadal sjukeheim.  Det var leiar i foreninga; Liv Botten som ønska over nitti tilhøyrarar velkomne og kunne konstatere at det blir stadig fleire som blir med på arrangementa til demensforeninga – det er artig når det er så god respons.

Fullt hus i kantina på sjukeheimen da Kari Løvendahl Mogstad heldt foredrag onsdag kveld. Foto Jon Olav Ørsal

Foredraget til Kari Løvendahl Mogstad var delt i to – i den innleiande delen forklarte om om sjukdommen, og korleis den artar seg.  Etter kaffepausen, tok ho for seg dei pårørande si rolle.

Ho forklarte i sitt foredrag at det er fleire forskjellige demens sjukdomar, og alle variantane opptrer på forskjellig måte.  I dag er det faktisk over 100.000 som er ramma av demenssjukdom i Noreg – det har vorte ein folkesjukdom.  Kari sette stor pris på at samfunnet har vorte mykje opnar om demenssjukdomen, og trudde at demenskoret har vore til stor hjelp.  Demenskoret har på mange måtar vore ein døropnar. 

Kva er så demens?  Det er forskjellige former for hjernesvinn – fleire variantar som opptrer på forskjellig måte og er ein sjukdom man ikkje blir frisk av.  Det finnes inga behandlig som gjer deg frisk, men kan i enkelte tilfelle hjelpe forsinke sjukdomen litt.  At vi no er i starten på eldrebølga gjer ikkje situasjonen enklare – vi blir nemleg fleire sjuke og vi blir færre hender til å hjelpe.  Det blir no forska mykje på demenssjukdom, men ingen har funne «nøkkelen» til den gåtefulle sjukdomen.  

Liv Botten er Leiar i Surnadal demensforening og helselag – her saman med Kari Løvendahl Mogstad som har vore fastlege i ei årrekkje i Trondheim – i dag er ho forfattar og foredraghaldar det meste av tida. Foto Jon Olav Ørsal

I pausen var det servering av kaffe og kaker, og styret med gode hjelparar sørga for at heile hopen var traktert.  I tillegg var det loddsal, og pengane satt nok laust denne kvelden, for det kom inn over 10.000 kroner som kjem godt med, fortalte ein takknemleg leiar.  Johs Vaag rosa «demensgjengen» frå talarstolen i pausen, og sørga for at dei fikk ein skikkeleg applaus for innsatsen dei gjer for dei eldre – både gjennom informasjonsaktiveten og trivselsarrangement for eldre. 

Det kom rundt 100 tilhøyrarar – alle fekk kaffeservering i pausen – publikum kvitterte med loddkjøp på 10.000 kroner som kjem godt med i drifta til foreninga. Foto Jon Olav Ørsal

Etter pausen fortsette foredraget, der Kari belyste dei pårørande sin rolle i demensarbeidet.  På grunn av at vi stadig blir fleire eldre som treng hjelp og støtte, så blir det etter kvart for få hender til å helpe.  Derfor blir det lagt ein større byrde på dei pårørande.  Kari rekna med at det til dei 100.000 som har diagnosen finns rundt 800.000 pårørande. I dag yter dei pårørande rundt halparten av all demensomsorg, og det fører til at alle i familiane blir berørt.  

Konklusjonen er nok at det er viktig å søke hjelp i tide, slik at situasjonen kan planleggjast med tanke på bruken av ressursar både i helsevesenet og i dei berørte familiar.  Det er iallfall ingen tvil om at vi står overfor ei stor utfordring når vi studerer utviklinga.  

 

 

Først publisert: 11. april 2024, 06:00 - Sist oppdatert: 10. april 2024, 22:20