Eit skuleår er over, og det er tid for å markere dette i gymsalen ved Todalen oppvekstsenter. Det skjer altså torsdag kveld og startar kl 18.00. Skuleborna byr på underhaldning, og i tillegg blir det både ein kaffeserveing og loddsal. Alle er velkomne!
Kom du ikkje inn på Todalen.no i dag tidleg, så har det si naturlege forklaring. Servertrøbbel var årsaka, men no er problema løyst og det er normal trafikk på nettet igjen.
Innspurten på anleggsarbeid på lysløypeanlegget på Tjønnmyra er i gang. Etter at Per Gjeldnes Maskin har planert og pynta på løypetraseen dei siste vekene, er no arbeidet med lysanlegget starta. Kablar er alt gravd ned og det som står att er montering av pålar. Det arbeidet starta tysdag kveld, og da vi var oppom Tjønnmyra hadde dugnadsgjengen alt fått på plass dei første pålane.
Les heile saka
Forrige tirsdag arrangerte Todalen, Øvre Surnadal og Torvik Sanitetsforening felles kosthaldsforedrag i Surnadal. Oppmøtet var ikkje det heilt store, men dei som møtte fekk eit lite innblikk i eit nytt prosjekt som no er på gang vedrørande barns matvanar i tidleg alder. Ernæringsfysiolog og professor Nina Øverby heldt foredraget “Positive og negative trekk i barns kosthold – hva betyr det og hva kan vi gjøre?” Ho arbeider med mat, helse og kosthald for barn og unge, og er ansvarleg for faget Kosthald og helse på Universitetet i Agder.
Les heile saka
Torstein Snekvik er lokal MOT-ambassadør og har ved flere anledninger opptrådt sammen med teamet bak MOT på deres arrangementer. Etter en opptreden på MOTs årlige landsmøte ble han spurt om han kunne tenke seg å være med på en bit av deres turnè som går på kryss og tvers i landet , noe han selvsagt takket ja til. Oppmlegget for Torstein sin del starta allerede denne veka, med oppmøte på Aker stadion før kampen mellom Molde og Brann i går.
Les heile saka
For mai kan vi gratulere Sissel Halset Storslett som vinnar av månadens bilete med «Kulihammarn og stornaustet». Vi gratulerer og lovar at premien vil bli overlevert ved første anledning!
Les heile saka
Glittertind kommer til Todalsdagen den 28. juni, og dermed er vi et skritt videre med å utvikle Todalsdagen til også å bli kveldsarrangement, forteller Knut Bergli som er leder for fotballgruppa i Todalen I.L. og stemnegeneral for Todalsdagen. På dagtid er det Todalscupen i fotball som står i høysetet, men Bergli minner også om mosjonløpet RætaOpp som det siste årene har samlet over hundre deltakere. I år satser han på at det skal bli enda flere som blir med på løpet. Når det gjelder fotballen er det alt kommet mange deltakere, og flere er i vente, så det vil ende opp med rundt 40 deltakerlag, tror Bergli.
Les heile saka
Det var stor spenning knytta til G14 KUST sitt 9’er lag som spela sin første kamp i 1.divisjon mot Isfjorden på bortebane i dag. Det meldes om ein solid arbeidsseier av gutane som til slutt endte i ein 3-1 seier. Målscorarar var Grunde H Hanssen, Kevin Anders Brusethaug og eitt sjølmål av Isfjorden.
Les heile saka
På Todalshytta har det vore ølbryggjarhelg denne helga, og ei ny «laddning» med spesialølet «Munnhell» er på gang. Det treng enno noko lagring, før det er klart til å sløkkje tørsten til todalingar og andre kundar på Todalshytta, fortel Eric Malling, som er ein av vertskapet. Malling har i helga hatt besøk av to kompisar […]
Les heile saka
1. pinsedag var heile Indre Nordmøre samla til felles gudsteneste i Stangvik kyrkje. I gudstenesta deltok Stangviks eigen sokneprest Bernt Venås, saman med soknepresten i Rindal Lene Gåsvatn og soknepresten i Halsa, Torbjørn Brøske. Under gudstenesta deltok også songkoret Tordenskjold med dirigent Elin Persson og Stangvik kyrkjes jentekor. 3 born vart døypte under gudstenesta.
Les heile saka
Jordskokk og jordskokksuppe hører ikkje med i menyen på eige kjøkken, og var nok litt skeptisk heilt til vi fikk ei innføring i mysteriet hos Anita Land i Bondehuset. Anita Land jobbar hos Bioforsk på Tingvoll, og 1. pinsedag hadde ho bruka til å koke jorsdskokksuppe til 100 personar på kjøkkenet i Bondehuset, for salg til publikum frå pinsegudstenesta og Vårsøgkonserten. Er nok litt nysgjerring av natur, og takka ja til ein smaksprøve etter at Anita hadde orientert litt om kva jordskokk er, og korleis det har vore bruka i gamal tid.
Les heile saka
Det store spørsmålet er sjølvsagt om den er gått av, og høna delt i to? Ein kjapp fotorunde i morgontimane avslørte at den «heng i ein tynn tråd» enno, men det skal ikkje mykje til før den er er ferdig for i år. Det er tidleg, men om det er rekordtidleg veit ikkje vi. I eit normalår skjer nok dette rundt St. Hans-tida, men det varierer sjølvsagt frå år til år med både snømengde, vêrtilhøve og ikkje minst temperatur.
Les heile saka