Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt uthus på ein blunk….

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. oktober 2014

Torsdag var det hektisk byggeaktivitet på Kvernhaugen, hos Ragnhild og John Moe. Prosjektet er eit nytt uthus på 50 m2, og denne dagen var det klart for levering frå Elementavdelingen hos Møretre. Veggane kom som ferdige element, og vart heisa på plass med kranbilen som kom med leveransen. Dermed var det berre å montere elementa i hop på fundamentet som var klart frå før.

Montørar frå MøreTre søga for å montere i hop elementa, og løpet av dagen var alle veggane på plass.  Litt spesielt er det at dei to lærlingane på MøreTre, Ove Edvin Sæterøy og Ola Talgø har delteke i heile prosessen med bygget, som eit ledd i opplæringa. Dei to lærlingane har vore med på heile prosessen med bygget, for å lære og for å få prøve.

Fredag starta lærlingane saman med Ove Rodal med montering av stillasj og fortsette vidare med montering av takstolar og etter kvart skal det monterast MøreRoyal tretak på bygget. Dei to lærlingane har no starta på 2. året som lærlingar og og til våren er det fagprøve som står for tur.

Bygget på 50 m2 skal huse både skott, lagerrom og eit isolert rom som skal bli vevstue der det og skal inn bakaromn.

Bilder frå monteringa av det nye uthuset på Kvernhaugen.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 25. oktober 2014, 11:52