For desember kan vi gratulere Jon Bruset som vinnar av månadens bilete med «Mot kveld». Vi gratulerer og lovar at premien blir overbragt ved første anledning. Det betyr at vi har funne alle kandidatene til årets bilete 2014, og den femte avstemninga i rekka. Følg med i helga, da starter avstemninga!
Les heile saka
Eirik Halle har skapt bølgjer i NAV-systemet etter innslaget som var på lokal-TV forleden kveld. I kveld kjem eit nytt innslag på NRK Møre og Romsdal, i lokalsendinga kl 18.45. Muligens kjem det også eit innslag seirare i kveld i programmet Norge i dag som kjem kl 21.10. Hugs å stille TV’n på NRK1 Møre og Romsdal!
Ski-og friidrettsgruppa startar opp med ski-treff i den nye lysløypa på Tjønnmyran søndagar framover. Første treffet blir førstkommande søndag, 18.jan kl 14.00. Her er skiløparar i alle aldrar er velkomne til å være med. Ski-gruppa stiller med varm saft.
Les heile saka
På det første møtet i 2015 for Senioruniversitetet på Indre Nordmøre var Ole Mauseth gjest. Det vart ei spennande og interessant oppleving for dei 50 frammøtte. Styrkar Brørs ønskte Ole Mauseth velkomen og presenterte han som teiknar, skulptør, taksidermist, friluftsmann, fjellklatrar og musikar.
Les heile saka
Biblioteket (Todalen filial) startar i kveld opp att etter juleferien. Det blir fortsatt ope kvar torsdag framover frå kl. 18.00 – 20.00. Sesongen følgjer skuleruta, så det er ikkje ope på skulefridagar.
Les heile saka
Laurdag mellom 14 og 17 blir det arrangert Strikkekaffe i Sanitetshuset igjen. Dette er første treff etter jul, og damene håper at trufaste og nye kjem til eit sosialt treffpunkt denne laurdagen.
Les heile saka
Frå Britt Mossing ved Todalen Oppvekstsenter har vi fått nokre bilder frå markeringa dei hadde for oppstarten på Friluftslivets år ved oppvekstsenteret i går.
Les heile saka
John Moe ansvarlig i Ungdomshuset melder om at det står att eit skolettpar etter 3. dagsfesta i romjla. Er dei dine, er det berre å ta kontakt med han. Ellers er den tidlegare omtala kåpa til Torill Halset framleis ikkje komme heimatt til eigarmannen enda.
Les heile saka
PT-utvalet inviterer til fakkeltog laurdag 17. januar. Det blir ei stille markering, for å legge attom oss eit år med fleire tragediar og mykje sorg. – No går vi vidare, og støttar kvarandre inn i ei ny tid.
Les heile saka
Måndag var det feiring av 96-årsdag på Stangvik aldersheim. – Margrete Hals er født på midtvintersdagen 12. januar i 1919, og kunne dermed feire 96-årsdag saman med venner og tidlegare kollegaer i dag. Dei fleste av oss kjenner nok Margrete frå Halsbua, der ho hadde mange år attafor disken.
Les heile saka
I kveld kl 18.45 kjem det eit innslag om Eirik Halle på NRK1 (Møre og Romsdal). Eirik Haukenes har vore i Todalen og gjort opptak rett etter nyttår, fortel mora Synnøve Helland. Ho antydar også at det kjem på «Norge i dag» og kanskje på Dagsrevyen. Slå på TV’n og pass på at den står på NRK1 og at du tek inn lokalsendinga for Møre og Romsdal!
Førstkommande laurdag arrangerer IL Søya Sonerenn på Vang. Sonerennet går i klassisk stil, og både ung og gammel oppfordres til å stille. Påmelding gjerast ved å sende ein sms til Torill Bye – 932 55 282.
Les heile saka