Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Denne veka er det liv på Todalshytta!

Jon Olav Ørsal Måndag 1. juni 2015

Denne veka er Todalshytta nærast gjort om til låtskrivar verkstad. Eit titals kjente tekstforfattarar og artistar er komne til Todalen og Todalshytta for å finne inspirasjon både hos kvarandre og i naturen her, og blir i Todalen til torsdag. Onsdag kveld inviterer dei til konsert på Gammelfabrikken i Brusetmarka – her blir det utekonsert dersom vêret tillet det, – men blir det surt og kaldt vil nok konserten bli ”inne i varmen”.

Konsert_gammelfabrikken_7925

Dersom vêret tillet det blir det utekonsert! Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Da Todalen.no stakk innom Todalshytta måndag kveld var heile gjengen samla rundt langbordet i spisestua, etter ein aktiv startdag. Måndag var NRK på Todalshytta og gjorde opptak , og vi får nok eit innslag frå derifrå på NRKs lokalsending på tysdag. Deltakarane ga uttrykk for at dei trivst godt i Todalen og på Todalshytta, og kanskje vil vi alt onsdag kveld få smaksprøver frå låtskrivarverkstaden?

Raus_deltakergalleri

Deltakargalleriet for konserten – det er ikkje ofte vi har eit slik tilbud i Todalen!

Vi minner forresten om billettsalet til konserten på Gammelfabrikken onsdag – her blir dørene opna kl 20 og konserten startar kl 21. Billetter får du kjøpt på Surnadal kulturhus, Matkroken i Todalen eller ved oppmøte på Gammelfabrikken. Billettane kostar kr 250 for vaksne og born under 16 år går gratis.

Les også Låtskrivere slår leir på Todalshytta

 

Publisert: 1. juni 2015, 22:13