Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bruka 3 år på å skrive Søyådalsboka

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. juni 2015

I samband med Vårsøghelgas bokcafe i Bondehuset lanserte Stangvik historielag si nye bok «Søyådalen – Utmarkshistorie frå Eidet».  Det er Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes som har vore forfattarar for boka som er på heile 320 sider. Det er eit omfattande arbeid som er lagt ned for å samle inn og systematisere all informasjonen, men resultatet har dei god grunn til å være stolte av.

Søyådalsboka_Omslag1

Omslaget på Søyådalsboka – boka inneheld 320 sider med historie frå Søyådalen og Eidet.

Dei same 3 forfattarane har tidlegare skrive bok om Kvenndalen, som kom i 2010. Den er på det næraste utsolgt, og forfattarane har fått mykje ros for den. Etter ei kvileår i 2011, tok det fatt på eit nytt stor prosjekt å skrive bok om Søyådalen. Dette var etter kvart utvida til å omfatte utmarkshistoria frå Eidet. No er altså resultatet klart og premieren var som sagt i Stangvika i helga.  Du kan lese meir om boksleppet i på Driva.no sin omtale

Boka er ei imponerande og unik samling av bilder og informasjon og ein skikkelg dokumentasjon av har foregått i Søyådalen og på Eidet gjennom fleire generasjonar, og er krydra med mange gode historier og er fornøyeleg og interesant lesning for ein og kvar.  Boka kostar kr 500, og er til sals på følgjande plassar:  NMS Gjenbruk på Skei, Joker Kvanne, Matkroken L. Hals i Todalen og heime hos Eling Myrbostad i Austre Lia. Offisiell salsstart for boka er onsdag 3. juni.

LarsSteinarAnsnes_8395

Lars Steinar Ansnes fortalte om bokprosjektet under Bokcafen i Bondehuset. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

 

Først publisert: 2. juni 2015, 06:00 - Sist oppdatert: 1. juni 2015, 22:31