Onsdag kveld var det rundtvask på Hett og svett. Det var trimgruppa som stod for rundtvasken, – alle apparata og mattene vart vaska, likeså tak, vegger og golv. Vindua vart fint pussa. Dette var arbeid som trongst, men i løpet av kvelden vart det altså gullande reint!
Les heile saka
Søndag kveld kl 19.30 startar sjakken på att etter juleferien i Kaffekroken. Sjakkgjengen satsar på annakvar søndagskveld også i det nye året, fortel pressetalsmann Trygve Halle. Han fortel at det er viktig å møte opp komande søndagskveld slik at ein får diskutert om det er interesse for å arrangere turnering utover vinteren og våren.
Les heile saka
Todalen Sanitetsforening startar førstkommande laurdag oppatt med strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det fortsatt høve for ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene. For dei som ønsker å fortsette med småstrikk til eit godt formål, så fortsett sanitetsforeninga på prosjektet/dugnaden «Strikk en varm velkomst» .
Les heile saka
Onsdag kveld – 6. januar – held treningssentret Hett & Svett stengt for rundtvask frå kl 18.30 og utover kvelden, melder TILs trimgruppe. Dei reknar med å bli ferdige til rundt kl 20, så etterpå blir det ope for trening igjen. – Hett & Svett held til i bygget som tidlegare var bruka til postkontor ved sida av Matkroken Todalen.
Les heile saka
TrondheimSolistene kjem til Surnadal kulturhus på fredag kl. 19 for å feire nok eit nyttår saman med nordmøringane. Kammerorkesteret har gjesta kulturhuset på Skei tolv gonger før og den årlege nyttårskonserten har vorte ein kjær tradisjon for mange på indre Nordmøre.
Les heile saka
Dei lokale snøprodusentane Bergli og Ranes melder om fine forhold i akebakken på skulen no i kveld. Dei har i tråd med vêrmeldingane og muligens ved å følgje med på konkurrentane ved større anlegg, sett snøkanonen i full produksjon ved akebakken i Todalen Oppvekstsenter.
Les heile saka
Med kuldegradene kom snøproduksjon i gang i Sæterlia. No får vi håpe at det blir kuldegrader nokre dagar, slik at snøkanonane får lagt eit grunnlag for å kome i gang med skiaktivitetar etter kvart. Etter yr.no å dømme er det meldt kuldegrader i heile 10-dagersperioden, med ein topp på 11-13 kuldegrader frå onsdag til fredag. Men det er ikkje meldt nedbør i denne perioden.
Les heile saka
Surnadal Sparebank arrangerer næringslivsdag torsdag 14. januar i Surnadal kulturhus. Dei byr på ei rekkje interessante foredragshaldarar som bidreg til eit interessant og aktuelt program gjennom heile dagen. Den mest profilerte er nok Eva Joly, som er mest kjent for sin kamp mot korrupsjon og økonomisk kriminalitet – men vi får også høre lokale kjendisar..
Les heile saka
Gubbetrimmen er klar for 2016-sesongen alt førstkomande måndag (4.1.), med oppmøte i gymsalen i skulen kl 20.00. Gamle og nye trimmarar er velkomne til å bli med oss inn i ein ny trimsesong – som alt er på plass i aktivitetkalenderen!
Per Gjeldnes – eller «Per gravar» i dagligtale – ante nok fred og ingen fare da han stakk innom Matkroken i dag. Nok feiring av 60-årsdagen hadde han ikkje lagt opp til, men Terje N. hadde ordna seg med både blautkaker og gåve. Dermed vart det feiring med kaffe og blautkake til ein fullsett kaffekrok og kanskje i overkant med styr og ståk etter jubilantens meining.
Les heile saka
Ein enkel nøkkel – med ei lite nøkkelhonk med 3 terningar er funne ved buss-skuret ved Hjellnesvegen for eit par dagar sia. Er det din nøkkel kan du få den att ved å henvende deg i kassa på Matkroken Todalen.
Todalingar og todalvener er spredd over heile verda – i 2015 har vi hatt besøk på nettsida vår frå heile 120 land. Majoriteten kom sjølvsagt frå Norge, med 399.000 men det er også overraskande mange frå land som USA, Sverige, Tyskland og Spania. Totalt besøkstal i 2015 var 422.265 som er fordelt på over 69.000 unike brukarar. Dette er tal som vi er godt nøgd med, og utgjer ei auke på 12,2 % samanlikna med 2014.
Les heile saka