Onsdag 7. november inviterer Surnadal pensjonistlag til trivselskveld på Thon Hotell Surnadal. Arrangementet starter kl 19.00, og på programmet står både middag og dans til Trond Larsens kvartett, melder pensjonistlaget. Deltakerprisen er kr. 150,- pr. pers, og pensjonistlaget vil ha bindende påmelding til Jorunn på tlf. 901 51 989, eller Grethe på tlf 908 54 […]
Les heile saka
Laurdag 27. oktober er det strikkekaffe i Todalen sanitetshus. Det er ope hus frå kl. 13.00 til 16.00.
Alle er velkomne til sosialt samver med eller utan handarbeid, triveleg prat og kaffelag!
Les heile saka
Hus med fantastisk utsikt til salgs i Sollifeltet på Nordvik. Huset er bygd i 1982, og har leilighet med utleiemuighet i underetasjen. Fin opparbeida tomt i eit populært bustadsområde med mange nytilflytta familiar dei siste åra. Den som er interessert kan ta kontakt med selgar Tone Nordvik for ytterlegare info og takst. Ta kontakt med Tone […]
Les heile saka
Komande søndagskveld arrangerer Trimgruppa saman med Ski- og friidrettsgruppa basar i Todalen ungdomshus. basaren startar kl 16, og det blir både basarbord, åresal og utdeling av premiar. Hovedposten på programmet blir likevel eit litt nostalgisk lysbildeprogram, der Gunnar Nordvik viser lysbilder frå 90-talet, der ei gruppe dreiv med klatring både i Todalsfjella og i Innerdalen – med nettopp Gunnar som mentor og læremeister. Det blir nok eit triveleg gjensyn etter så mange år.
Les heile saka
Neste veke blir det asfaltering av Bordholmvegen (FV671) og Brusetmelan (FV324). Da blir det litt trøbbel med trafikkavviklinga, fortel oppsynsmann Nils Erling Skaalvik i Statens vegvesen. Arbeidet startar alt måndag kveld(29.10), da all kaldasfalt skal graves ut og fjernes. Måndag kveld blir ikkje vegen stengt, men det blir etter kvart mange og store hol mellom Sandstad og Halsabrua.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening har i mange år sendt julegåver til Estland. Dette skjer i samarbeid med Estlandsforeninga i Midt-Noreg. Dei har alt sendt ein bil med gåver til Estland, og neste transport blir 14. november.
Les heile saka
Det blir balleik i gymsalen på skulen onsdagar frå og med førstkommande onsdag 31. oktober til og med 12. desember. Her blir det som vanleg tider for dei yngste, og så for dei eldste ungane etterpå.
Les heile saka
Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening inviterer folk i bygda til middag torsdag 8. november kl. 14.00 i Sanitetshuset. Dei vil servere skinkesteik og kjøttkaker med godt tilbehør. Kaffe og dessert etter hovudretten. Pris 200 kroner.
Les heile saka
Laurdag var det jubileumsfest for 50-årskonfirmantane frå Todalen og Stangvik i Todalen Ungdomshus. Desse hadde gått i same klasse på nyskulen på Evenshaugen, og ønskte difor eit felles arrangement der dei kunne minnast konfirmajonstida. I Stangvik vart 15 ungdommar konfirmerte den 23.juni, og den 7. juli 1968 vart 11 konfirmerte i Todalen kyrkje av sokneprest […]
Les heile saka
I dag har nesten 100 000 frivillige gått med innsamlingsbørser for den årlege TV-innsamlingsaksjonen. I år går innsamla midler til Kirkens bymisjon, og deira prosjekt «Mindre alene sammen» som skal arbeide for å skape eit varmere og meir inkluderande samfunn.
Les heile saka
Einy Elgsæther regisserte ein rikhaldig musikkandakt for fullsett Eidet Bedehus fredag kveld. Ho hadde skaffa dyktige bidragsytarar. Levanger-duoen Svein Gjære (komponist og pianist) og Svein Volle (solosong), Ola Bræin (munnspel) og Vidar Rygh (andakt) skapte fin oppleving av tonar, tekster og tolkingar. Dessutan sørga dyktige Normisjons-venner for servering av beste merke.
Les heile saka
Tirsdag 6. november inviterer Byggmakker Surnadal til den årlege interiørkvelden i sine lokaler. Tidlegare arrangement har vore kun for damer, men denne gongen ønsker dei både damer og herrer hjerteleg velkomne til ein allsidig kveld med mykje inspirasjon, tips og triks innan interiør og byggevare.
Les heile saka