Trollheimsmarsjen 2019 er i gang. Det er i år 10. gong at Trollheimsmarsjen går over Vardan mellom Ålvundeid og Todalen. marsjen vart innstifta i samband med 100.årsjubileet til Todalen I.L. og I.L. Ulvungen. Eigentleg er det 12. gongen at marsjen er tillyst, men 2 gong har det vore avlysing på grunn av vêret.
Les heile saka
Laurdag ettermiddag var det for første gong denne hausten Fredrikkekaffe, og det vart ei retteleg triveleg handarbeidsstund. Nesten 20 kvinner var på plass i Sanitetshuset, og det var tydeleg at det var stas å møtast etter ferien. Kjekt var det også med nye fjes på Fredrikkekaffen.
Les heile saka
Erik Kårvatn deltok laurdag under Ungdomsmesterskapet i friidrett på Jessheim. Erik har mange gode løpsresultater å vise til denne sesongen, og han var kvalifisert til å delta 800 meter. Etter ein sterk spurt vann han eit av dei 3 heata på 800 meter for G16.
Les heile saka
Sanitetsforeninga inviterer måndag 9. september til KløverRUSLEtur og lusnj oppå Tjønnmyrå! Det blir først tur for den som vil, og etter turen blir det lunsj med grilling av pølse med tilbehør. Alle er velkomne!
Les heile saka
I forbindelse med kommune- og fylkestingvalget er Todalen bibliotek stengt måndag 9. september.
Kartverket har den seinare tida gjort fleire namnevedtak. Organisasjonar, eller andre med særskilt tilknyting til namna, har i prosessen hatt mulegheiter til å komma med innsigelsar. Etter at vedtaket no er fatta kan også særskilte med klagerett komma med klage på dei ulike vedtaka.
Les heile saka
Endeleg er vi klare med månadens bilete kåring for bilete som var vist på august. Her kan det bli ei utfordring å stemma på bare ein vinnar, da det var mang fine bilete.
Les heile saka
Torsdagar er lagseriestemnedag, men sist gong var oppmøtet litt labert grunna surt vêrbruk. Likevel gjennomførte dei som kom både lengdehopp, kasting av liten ball, 60 meter og 400 meteren.
Les heile saka
I morgon er det Ole Stensby du kan treffe om du tek turen på Hals. Ole er førstekandidaten til Sosialistisk Venstreparti i Surnadal og går no inn for å få ein plass i kommunestyret etter valget.
Les heile saka
Nysnøen i Snøfjellet, Skjeringfjellet og Grinaren minner oss om at vinteren er i kjømda. Natt til torsdag var minimumstemperaturen nede på 3 grader, medan natt til fredag var ein grad betre med 4 varmegrader – men enno inga frostnatt her på bruket.
Les heile saka
Skal du feire «jebbursdag» snart, så er det ein god ide å lage ei aktiv feiring – enten på Tjønnmyran med base i gapahuken, eller på Bordholmen med base i klubbhuset eller klatreveggen. Det er berre å ta kontakt og avtale tidspunkt når det er ledig for utlån.
Les heile saka
MOT Surnadal ved Eva Sæterbø ønsker å overbringe ei helsing til Todalen IL som takk for pengegava i forbindelse med Ræta Opp 2019.
Les heile saka