Den dødelege hundesjukdom som har fått stor fokus den siste tida har ført til stor bekymring for Odd Arne Vikavoll. Han er genuint interessert i jakthundar, og har vore sterkt bekymra for sin eigen hund og fleire hundar som ha har til opplæring. Den siste tida har Vikavoll farta rundt på jaktprøvar og har hatt mykje kontakt med andre hundar. Det har ført til at han har sjekka hundane fleire gong om dagen – klar for å aksjonere ved teikn på sjukdom.
Les heile saka
Det ble sommeridyll og Kjersti Søyset Holmestad som vant august sitt månadens bilete. Vi gratulerar og lovar og overrekka ein kopp som premie til deg.
Les heile saka
Det var også valg på nytt Sokneråd i går, og der blir det ei total utskiftning frå dagens styre, da ingen av dei gamle tok gjenvalg. Todalen sokneråd er samansett av 4 medlemmer og 5 varamedlemmer. I Todalen var det 94 personar som stemte på soknerådsvalet, medan antall stemmeberettiga var på 223.
Les heile saka
Surnadal Senterparti vart den store vinnaren under kommunevalget 2019. Dei fekk fleirtal alle kretsene og endte til slutt på 1375 stemmer noko som resulterer i 13 kommunestyrerepresentantar i kommande fireårsperiode. Fire meir enn ved sist valg. Surnadal Arbeiderparti gjekk ned med fire stemmer, medan Høgre gjekk ned frå to til ein og Fremskrittspartiet gjekk opp tilsvarande.
Les heile saka
Senterpartiet vart den store vinnaren under dagens kommune- og fylkestingvalg i Todalen. 150 personar var innom valglokalet i skulen for å avgi stemma si. Totalt antall stemmeberettiga i kretsen er 247 personar, noko som gav ei valgdeltaking på heile 78 %.
Les heile saka
Yr melde godt ver, og Sanitetsforeninga slo til og inviterte til Rusletur og lunsj oppå Tjønnmyrå. Og det vart riktig fint ver – sol frå skyfri himmel, og det samla seg godt med folk ved gapahuken.
Les heile saka
Valglokala på Todalen skule er no klokka 12 åpna for å tå i mot veljarane. Her er det i dag to ulike valglokaler men fire ulike valg innbyggjarane er oppfordra til å innom; kyrkjevalet og fylkes- og kommunevalget.
Les heile saka
Noko som starta som eit sosialt forslag på Todalen Grendalags facebookside resulterte i går i 20 deltakere på den første «Klåppkaffekåppen» i bygda. Da var nemleg den første samlinga på kloppa på Bakkå hos Maria Hagerupsen Halle.
Les heile saka
Dei som pakka sekken og stakk til fjells for å delta i årets Trollheimsmarsj fikk seg ein kjempefin dag på turen over Vardan frå Ålvundeid til Todalen. Sjølv om interessen for Trollheimsmarsjen har dala dei siste åra, så fekk iallfall dei som deltok på dagens tur over fjellet ein kjempefin tur i strålande vêr.
Les heile saka
Torsdag 12. september går veien til Svorka når Stavgangarane gjer seg klar til vekas tur. Da kjøres det oppover Bæverdalen til vi møter vakt ved avkjørsel til Svorka. Parkering i tunet ved gårdene. Ta med stoler oppfordrar arrangøren.
Les heile saka
Surnadal Pensjonistlag har medlemsmøte tirsdag 17.9. kl 1500 på sjukeheimen. Her vil «gammellensmannen», Brage Einum kåsere skriv Kristian Ranes i invitasjonen.
Les heile saka
Søndag var det gudsteneste i Todalen kyrkje, der neste års konfirmantar vart presentert. Dei er tre i talet og skal gjennom hausten og vinteren få konfirmasjonsførebuing, og skal ta del i gudstenestene saman med soknepresten. Under gudstenesta var det også dåpshandling, der lille Louise Røv vart båret til dåpen.
Les heile saka