Torsdag 20.mai tok stavgangarane turen til Hamnes. Etter parkering ved gården til Torstein Hamnes ble det vandring langs fjorden i retning Sandneset. Veien innover er ca. 2 km., og da ble det 4 km. totalt. Dette var en passelig gåtur på nesten 90 min. Torstein hadde stilt restauranten i det renoverte fjøset til disposisjon for kaffepause, noe vi satte stor pris på. Vi var så heldige at vi hadde med oss 15 elever fra Surnadal Videregående skole, og til alt overmål serverte de flotte og velsmakende muffins. Dette var så bra at det gjerne kunne vært dessert i 4-stjernes middag.
Les heile saka
Matkroken Todalen minner om opningstida for butikken i pinsehelga. Pinseaften – laurdag er butikken open frå 09.30 til 16:00. 1. pinsedag – søndag er butikken STENGT. 2. Pinsedag er butikken kioskopen 16:00 – 18:00. Drivstoffanlegget til HalsOil er ope 24/7 for kortsal.
Katarina Wedelsbäck Bladh hadde håpa på litt meir sol og varme før opninga av arboreteet på torsdag, men er godt nøgd med yr.no sin prognose for pinsehelga. Rododendronhagen i Svinviks arboret er nemleg klar for storstila blomstring, og ventar berre på sommarvarmen for å sette fortgang på blomstringa, seier Katarina Wedelsbäck Bladh, som er fagleg leiar i arboretet.
Les heile saka
Regjeringa kunngjorde i ein pressekonferanse den 19. mai si endelege beslutning om å endre vaksinestrategi.
Praktiske konsekvensar med ny vaksinestrategi:
Endring i vaksinestrategien får konsekvensar på to område. For det første medfører dette ei ytterlegare geografisk skeivfordeling av vaksiner over ein periode på omlag 7 veker. 309 kommunar i Norge skal i denne perioden avstå i snitt 35% av sine vaksinedoser til ei gruppe kommunar med vedvarande høgt smittetrykk og inngripande tiltak.
Les heile saka
22. – 27.mai deltek dei lokale kunstnarane Siri Skjerve og Brit Dyrnes på utstillinga «Årstider – Der jeg er», ved Hovedøya Kunstsal og Tegnerforbundets prosjektrom i Oslo. Bakgrunnen for utstillinga at dei to er med på utstillinga, er at Møre og Romsdal kunstsenter i november 2019, inviterte kurator Helga-Marie Nordby til å kuratere ei utstilling i Oslo med kunstnarar frå vestlandsfylka.
Les heile saka
Trimgruppa i I.L. Søya i samarbeid med Nordvik Grendalag inviterer tysdag 25. mai til dugnad på stien opp til Åsbøsnyta. Dugnadsarbeidet startar kl 18:00. Det trengs å drenere bort vatn og legge ut plank på våte myrparti, melder Nordvik Grendalag som håpar på bra deltaking både frå medlemane i I.L. Søya og frå Nordvikgardaingane.
Les heile saka
Leiar i Todalen Idrettslag si Trimgruppa, Elinor Bolme, har sendt oss ein rapport og nokre bilete frå dugnaden på Jabenken i går kveld. Elinor skriv: – Når ein inviterer til dugnad i Todalen har det til dags dato, enno ikkje vore eit mislykka arrangement. Kveldens innvitasjon var faktisk så innbydande at den eine av deltakarane kunne fortelje at han mønstra opp ei veke for tidleg…
Les heile saka
Torsdag 20. mai sesongopnar Svinviks arboret. Frå 20. mai – 20. juni vil arboretet vere ope kvar dag mellom klokka 11:00 – 16:00, unntatt måndagar, da er det stengt. Arboretet vil vere ope heile pinsehelga, inkludert måndag 2.pinsedag.
Les heile saka
Redaktør i Todalen.no, Jon Olav Ørsal, fyller i dag 70 år, og da vi var innom redaksjonslokala på Skogly tidligare i dag, så var kaffelaget allereie i gong.
Les heile saka
I går kveld var det årsmøte i Start 4H i skulstuå. Før årsmøtet fekk dei fire nye medlemmene ei omvisning i klubblokala av klubbrådgjevar Ragna Kvendset. Dei fekk og ei kort orientering om kva det inneber å vere med i 4H og kva for prosjektoppgåver dei kan velje mellom.
Les heile saka
Det blir sommarleirar i regi av kyrkja òg i sommar. Årets sommarleirar blir i Oppistu Torvik og på Vaulen på Nordmarka. Det blir 2 overnattingsleirar for deg som er ferdig med 2.-4.årstrinn i Oppistu Torvik og ein overnattingsleir for deg som er ferdig med 5.-7.årstrinn på Vaulen på Nordmarka.
Les heile saka
Trimgruppa i Todalen Idrettslag inviterer til dugnad og «bli kjent» tur til Jabenken på Flathauan onsdag 19.mai klokka 18:00. Trimgruppa treng folk til å hjelpe til med å bere opp materialar til sitteplassar ved bålgropa. I same slengen inviterer difor Trimgruppa til ein fellestur opp til det fine utkikkspunktet i Petlia.
Les heile saka