Sol og god temperatur – ein riktig fin dag for kløvertur. Turen 28. juni gjekk frå Gammelfabrikken oppover Gammelfalla langs Storfossen; riktig så idyllisk med fossedur, fuglesong og fargerike blomstrar.
Les heile saka
Sol og god temperatur – ein riktig fin dag for kløvertur. Turen 28. juni gjekk frå Gammelfabrikken oppover Gammelfalla langs Storfossen; riktig så idyllisk med fossedur, fuglesong og fargerike blomstrar.
Les heile sakaTorsdag 1. juli er det ny stavgangtur i regi av Surnadal pensjonistlags stavganggruppe. Denne gongen går turen til Nauståfossen ved Kårvatn i Todalen. Start til vanleg tid kl 11, frå parkeringsplassen ved Kårvatn. Etterpå blir det kafferast ved Kokkhuset
Les heile sakaI dag har det pågått asfaltering av mange små grufser rundet bygda. Dei par vekene har Mesta førebudd asfaltering der det er skader i asfalten rundt heile bygda. Pengane strekk nok ikkje til slik at alt blir utbetra, men dei verste hola i asfalen blir no reparert.
Les heile sakaOnsdag 16.juni var det årsmøte i Nordvik Båtforening i Nordvik forsamlingshus. I tillegg til dei vanlege årsmøtesakene, var det ei orientering om planene for ny småbåthamn, som er planlagt nedanfor hyttefeltet på Øygarden. Styret i båtforeninga pressenterte dei foreløpige planene og framdriftsplana for den nye småbåthamna. Årsmøtet gav si fulle tilslutning til planene og fremdriftsplana […]
Les heile sakaI nattens mulm og mørke har siste rest av hønhalsen gått av. Vi har dei siste dagane hatt eit auge på Hønhalsen, slik at vi skulle kunne informere så snart som muleg. I går var det forresten lågt skydekke og vanskeleg å halde fokus på tilstanden, men i dag kom den første meldinga tidleg, og da var det ingen tvil.
Les heile sakaOnsdag 30.juni arrangerer Trimgruppa i Todalen Idrettslag sesongens andre sykkeltrim. Start frå Bordholmen stadion klokka 18:00. Ruta denne gongen går frå Bordholmen og utover til Ansneset, med retur til Bordholmen.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur til Tjønnmyran måndag 28. juni. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl 11:00.
Les heile sakaVi har vore så heldige å fått tilgang til nokre bilete frå Todalsdagen 2021, sett gjennom augene til ei drone. Bileta kan du sjå nedanfor!
Les heile sakaI fjor vart alle fotballcupar avlyst på grunn av koronasituasjonen og smitteverntiltak i samband med epidemien. Så gleda var stor da Todalen Idrettslag fekk klarsignal for å gjennomføre Todals-Cupen i fotball under Todalsdagen, som vart arrangert i dag, sjølv om det innebar kort tid til førebuingar og invitasjonar.
Les heile sakaTodalsdagen 2021 kan uten tvil omtalast som ein suksessfull dag på alle vis. Lenge var det usikkert om det kunne arrangerast nokon Todalsdag, på grunn av smittevernreglar og risiko for spreiing av koronasmitte. Etter kvart var det beslutta at ein skulle kjøre eit amputert arrangement utan fotball, slik at ein heldt seg innafor gjeldande reglar for smittevern. Men i tolvte time – eller rettara sag ei veke før arrangementet vart det klar at myndigheitene ville tillate breddeidrett igjen – og dermed fotball.
Les heile sakaKlokka 14:00 i dag var det trekning i Todalen Idrettslag sitt Sommarlotteri. Totalt vart det selt 1383 lodd, som gav ei total inntekt på kroner 27.660,- frå lotteriet, noko idrettslaget er strålande nøgd med! Todalen Idrettslag nyttar høvet til å takke alle som har kjøpt lodd i årets Sommarlotteri, og alle sine samarbeidspartnarar som har gjeve gevinstar til Sommarlotteriet, Tusen takk!
Les heile sakaBlodbanken i Kristiansund var representert på Bordholmen i samband med at mosjonsløpet Ræta Opp vart arrangert i samband med Todalsdagen 2021. Vi trefte Randi Solskjær Tømmervåg og Elisabeth Sandvik som på vegne av Blodbanken i Kristiansund var veldig glade for gåva frå Todalen idrettslag og Ræta Opp. Startkontingenten frå årets arrangement går nemleg uavkorta til Bodbanken i Kristiansund i år. Kor mykje det blir veit dei ikkje før om nokre dagar når alle pengane er komne inn.
Les heile saka