Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vellykka haustfest i Start 4H

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 20. november 2021

I dag var det haustfest i Start 4H i Todalen ungdomshus. Her hadde medlemmene laga utstilling for å vise fram prosjekta dei har jobba med det siste året. Utillinga er ein viktig del av sjølve prosjektet, og noko dommarane tek med i si totalvurdering under bedømminga av oppgåvene.

Medlemmene selde bøker, lodd, julehefte og kornband. Foto: B G Ansnes

Mange møtte opp for å vere med på haustfesta til Start 4H, så det var bra trøkk på salet av kaffe, bakels med graut og kaker, og sjølvsagt på loddsalet! Det var tydeleg at folk sette pris på å få vere med på å feire avslutninga på nok eitt 4H-år. 

Mykje folk på Start 4H si haustfest. Foto: B G Ansnes

Medlemmene i Start 4H hadde og rigga seg til og selde kornband, juleheftet «Du mitt Nordmøre» og revyboka «Heittgjort», som Surnadal Heimbygdlag akkurat har gjeve ut. 

Johan Ranes og Ingebrigt K. Bergli viste bilete og fortalte om dei forskjellege aktivitetane dei 18 medlemmene i Start 4H har helde på med det siste året. 

Ingebrigt og Johan fortalte om aktivitetane i Start 4H. Foto: B G Ansnes

Til slutt var det utdeling av merker og skeier til dei 18 medlemmene i Start 4H som har fullført prosjektoppgåver i år. 

18 medlemmer har fullført prosjekt i Start 4H i år. Foto: B G Ansnes

Under kan du sjå bilete frå medlemmene sine utstillingar, alle foto: B G Ansnes:

Publisert: 20. november 2021, 15:29