Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mediemogul og sauebonde på Smøla

Jon Olav Ørsal Måndag 12. juli 2021

Søndag var det tid for dagstur til Smøla.  Opp tidleg for å ta første ferja frå Hennset kl 9 og vidare til Tustna og ny ferje over til Smøla.  På Smøla kjem du først til Edøya og Gurisentret, men målet vårt var Villsaugarden  og vidare til Veiholmen før vi snur nasen heimover igjen.

Les heile saka

Faktura for støttemedlemskap i postkassen snart

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 12. juli 2021

Da er tida inne for å fornye støttemedlemskap sitt i Todalen.no. Faktura for støttemedlemskap vil difor dukke opp i postkassen i løpet av dei to neste vekene. Støttemedlemskapet kostar kr. 200,-, og kan, i tillegg til å betalast som ordinær faktura via bankkonto, betalast via vipps til 107600 (TODALEN.NO støttemedlemskap). Ved betaling via vipps, oppgje da fakturanummeret eller namn i meldingsfeltet. 

Les heile saka

Bra resultat for årets Todalsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 11. juli 2021

Todalsdagen er den viktigaste enkeltinntektskjelda for Todalen Idrettslag. Vanlegvis utgjer inntekta frå Todalsdagen mellom 15-20% av dei totale inntektene til idrettslaget. I år ser det ut til at Todalsdagen vil ende på eit overskott på godt over 90.000,- kroner. 

Les heile saka

Ope i Slettneset steinovnsbakeri søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 10. juli 2021

I morgon, søndag 11.juli mellom klokka 12:00 – 16:00 er det ope i Slettneset steinovnsbakeri. Som vanleg kan dei, òg denne gongen, freiste med nystekte kaffebrød og kaffe. Så har du lyst på «søndagskaffe» med noko godt til i morgon, så er det berre å ta turen til Slettneset steinovnsbakeri. 

Les heile saka

Flott 4.-plass for Erik Kårvatn på Skyrace under Sans Senja 2021

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. juli 2021

I dag arrangeres Sans Senja 2021, der Skyrun med 300  delatakar er ein del av det store arrangementet  – og som namnet fortel så foregår det på Senja.  Av lokale løparar som deltek herfrå så finn vi Erik Kårvatn og Halvor Drøpping.  Det var sjølvsagt knytt stor spenning til dette løpet for Erik, som var veldig spent på å teste forma i lag med dei beste løparane før han skal til Italia seinare i sommar.  Ved passering på første mellompost på Segla var Erik nr 4 og den posisjonen helt han stort sett heilt til målgangen. 

Les heile saka

Stortingsvalet 2021 – Førehandsrøysting

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 10. juli 2021

Sjølv om Stortingsvalet 2021 ikkje er før måndag den 13.september, informerer Surnadal kommune no om førehandsrøystinga, som tek til tysdag 10.august og varer til og med fredag 10.september. Dersom det er heilt umogleg for deg å røyste i perioden med førehandsrøysting, eller på sjølve valdagen, kan du be om tidlegrøysting. Tidlegrøysting må skje etter avtale på kommunehuset i tidsrommet 09:00 – 15:00 og er mogleg å få gjort, frå no, og fram til og med måndag 9.august.  

Les heile saka

Popup-kokk på Todalshytta denne veka

Jon Olav Ørsal Fredag 9. juli 2021

Komande veke er det Jon Olav Roaldset som svingar grytene på Todalshytta.  Når du er i eit slik kortvarig engasjement er det vel popup-kokk som er det rette uttrykket.  Nok om det, Roaldset har iallfall full kontroll på grytene og da vi stakk innom var det full fart på kjøkenet med førbuing på at minst eit førtital som skulle trakterast med ala Carte-rettar i løpet av fredagskvelden.

Les heile saka

Royalsaken: Ny runde i media

Jon Olav Ørsal Fredag 9. juli 2021

Royalsaken som har florert i media er det på ingen måte sett sluttstrek for, og denne veka har det vært pressemeldinger både fra Treindustrien og Boligprodusentenes forening.  Terje Talgø som er konsernsjef i Talgø belyser i dagens pressemelding det han mener er usannheter og feilinformasjon både fra KMD og Treindustrien. Nedenfor kan du lese hele pressemeldingen som ble sendt til media i dag

Les heile saka

Ryddesal i butikk og på lager

Jon Olav Ørsal Fredag 9. juli 2021

På butikkane på Syltøran – Byggmakker og Hageland – er ryddesalet i full gang.  Våronna er ferdig, og da er det mykje både varerog planter som skal ut for å gje plass til nye varer.

Les heile saka


Snorkeltur nedover elva på slukleiting

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. juli 2021

Torsdag kveld var Svein Håvard og Karoline Brøndbo ute på snorkeltur nedover Toåa.  Dei hadde dykkardrakt og snorkelutstyr, og kosa seg med å kike etter laks og aure, samtidig som dei plukka slukar som er slite bort i kontakt med steinar og røter. 

Les heile saka

Bakelsdag

Mari B. Redalen Torsdag 8. juli 2021

På laurdag inviterer bakelskomiteen Torkjel og Knut på kaffi og bakels på skihytta. Alle som har lyst og ta turen er hjarteleg velkomne.

Les heile saka