Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tid til å «Falle til ro» på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 1. desember 2021

Måndag 6. desember kjem Eva Weel Skram til Surnadal kulturhus med forestillinga si «Falle til ro». Dette er første skikkelege juleturneen til Weel Skram, og her har ho sett saman eit reportoar av julesongar som betyr mykjer for henne. 

Ideen om ein eigen juleturnè fekk Weel Skram mest av seg sjølv, for da ho merka seg at den eine julerelaterte songen etter den andre «sneik seg med» på repertoaret på vinterkonsertane hennar, fann ho ut at tida var inne for ein eigen juleturnè. 

Så difor har ho no sett saman eigne julelåter og tolkingar av songar som betyr mykje for henne. 

Julekonsertane har fått namnet «Falle til ro», som også er tittelen på songen ho bidreg med til den populære Netflix-serien «Hjem til jul». 

Eva Weel Skram ser ut til å vere eit populært namn for det lokale publikumet, for det er berre nokre få billetter når ho besøker Surnadal kulturhus på måndag.

Så vil du oppleve Weel Skram med «Falle til ro», så må du nok snarast kjøpe billetter her: «Falle til ro»

 

Publisert: 1. desember 2021, 17:18