Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Brusetmarka – førte tradisjonen med julegran vidare

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. desember 2021

Onsdag kveld var det tradisjonell julegrantenning i Trudvangkrysset, og det samla meire eller mindre heile grenda til ei triveleg stund – for å markere at det snart er jul i grenda.  Det er ikkje mykje overdrive når ein sier at folk i Brusetmarka gikk mann av huse for å være med.

Unge damer fikk smake julebaksten til Steinar – han kunne by på både norsk og polsk julebakst. Foto Jon Olav Ørsal

Dett er ein tradisjon som har vart i mange år, og det er Torill og Anita Talgø som har organisert og så er det fleire asom har vore med og bidrege for å få til ei triveleg samling, der det er servert både varm gløgg, smaksprøvar på både norsk og polsk julebakst og pølser i brød for å nemna noko. 

Arrangørane fikk mykje skryt, både for arrangementet – og for juletreet, som sjølvsagt var av ekte slag og har vokse opp i Bjørålia. 

Steinar serverer gløgg til Ted – dei to er så blidspent at vi kan tru det er ekstra god gløgg? Foto jon Olav Ørsal

Julegrana i Brusetmarka står på fast plass i Trudvangkrysset. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 1. desember 2021, 19:36