Torsdag 3. februar klokka 11:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag igjen til trim i Meierisalen på Landbrukshuset. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg Oda fysioterapeut som instruktør for trimmen.
Les heile saka
Torsdag 3. februar klokka 11:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag igjen til trim i Meierisalen på Landbrukshuset. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg Oda fysioterapeut som instruktør for trimmen.
Les heile sakaI ei pressemelding no i dag, får vi presentert sluttrapporten frå SuSu-KOF samarbeidet, som har vore eit samarbeidsprosjekt mellom Sunndal og Surnadal kommunar sidan 2013. Målsettinga for SuSu samarbeidet var i si tid å skape nye arbeidsplassar, sikre dei arbeidsplassane som allereie var her, samt fokus på «bo- og blilyst».
Det er i perioden 2013 – 2021 fordelt 13,2 millionar i SuSu-midlar til 123 bedrifter og tiltak så langt. Det er mange firma og bedrifter som gjennom hjelpa frå SuSu har fått realisert sine prosjekt og planer knytta til kompetanseheving, vekst og utvikling.
Det er mykje rådyr og hjort rundt vegane no om dagen. Det kan ha fleire årsaker, med beiting på telefri innmark som blir fristande for dyra. Det er spesielt på Kvennset, i Halagrenda og i Ørsalbukta at det har vore stor trafikk – og mange dyr som passerer over vegane i skyminga eller etter mørkets frambrudd.
Les heile sakaNo er det tid for årsmøte i mange lag og organisasjonar, og Surnadal Heimbygdlag melder at dei arrangerer årsmøte 21. februar.
Les heile sakaFredag 4. februar, mellom klokka 12.00 – 17.00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Hyllene vil bli fylt opp med både ferske kaffebrød og grovbakst. Også denne gongen kan dei by på ei nyheit, nemleg landbrød.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening melder at dei held årsmøte i tysdag 15. februar i Sanitetshuset.
Les heile sakaTrimgruppa i Todalen Idrettslag sin «På tur i Todalen»-app, som vart lansert 1. oktober i fjor, har vorte ein stor suksess, som mange brukar når dei er på tur. Det er per i dag klokka 12:30 registrert totalt 3980 turar i appen sidan 1. oktober.. Trimgruppa har fått nokre få tilbakemeldingar på at det av og til blir parkert på plassar, på privat grunn, som skaper problem for eigaren, medan folk er på tur.
Les heile sakaI sitt saksframlegg til Hovudutval for oppvekst og til Formannskapet, tilrår kommunedirektør Knut Haugen at kriteria for reopning av Todalen barnehage, for barnehageåra 2022/23 og 2023/24, blir endra til 12 plassar for ei eventuell reopning av barnehagen. Dette er ei vesentleg endring i kriteria, i høve til vedtaket som vart gjort 13. desember 2018, der talet vart sett til 5 ungar eller meir. Todalen barnehage er som kjent midlertidig stengt frå hausten 2021 på grunn av for få innsøkte ungar.
Les heile sakaTalgø Invest går i dag ut med annonse og søker etter ny IT -ansvarlig som skal erstatte dagens IT-ansvarlige som går av med pensjon i løpet av 2022. Som IT-ansvarlig i Talgø Invest vil du få ansvaret for IT-driften i konsernets selskaper. Bla videre og les mer om den ledige stillingen som IT-sjef…
Les heile sakaNo kan du sjølv melde frå til Surnadal kommune om eventuelle positive hurtigtestar på nett. Helsedirektoratet har godkjend det digitale systemet ReMin til slik registrering. Det er enkelt å bruke. Du loggar inn med BankID for å registrere positive prøvesvar for deg sjølv eller eigne barn.
Les heile sakaEndelig er foto- og filmbanken til VISIT NORDVEST klar for premiere og til å tas i bruk. Formålet med fotobanken er å fremme nasjonal og internasjonal markedsføring av Nordmøre- og Romsdal som reisemål. Mediebanken inneholder rundt 900 foto- og filmfiler fra alle de 11 medlemskommunene i Nordmøre og Romsdal, samt hovedattraksjonene i Nordvest.
Les heile saka