Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 2022: del 3

Guro Redalen Fredag 15. april 2022

Det er klar for del 3 av påskekrimmen. I dag med nystekt kanelsnur-rapport frå Båthølen og meir oppdikta fakta ingen kunne tru at nokon kunne skrive eit spel om.

 

Brusetbrua er jo nesten som ei kjendisbru med tanke på Vangsgutane og tilknyttinga til Todalshytta. Ein av bygdas mest ettertrakta badestader med både bruhopp og boblebad. Og fiske. Men det var jo alt brukt opp. Skulle ho kanskje her legge inn ei kniving mellom Brusetbrua og Øyabrua? Sjølvsagt oppdikta konflikt mellom slektene, men det kan jo vere at andre slekter så nært knytt til ei bru i bygda syntes at det var frekt av Bruset å ta bru inn i namnet? Er det derfor Brusetslekta driv med så høg huvføring mon tru? Det meir ho tenkte på det så kunne ein jo sjå for seg at huvtoppen var forma som toppen av ei bru. Bladfyk noterte ivrig ned. Bruset Bruset-Ghali? Nei, han heit vel Boutros … uansett. Her var det heilt klart den konflikt midten av spelet trengte. For kven er det eigentleg som er bru-adelen i bygda? Dei som har det i namnet eller dei som bur tettast på ei? Rart at ingen har diskutert dette tidlegare mumla Bladfyk medan ho tok opp dagdraumen om elvebading og elvepadling på traktordekkslange.

Med skredfare satt til raudt for Trollheimen tidlegare i påska var det kjærkomen med eit dilt-alternativ slik at denne fredagen ikkje skulle leve for godt opp til namnet sitt. Dei flest hadde òg fått med seg oppmodinga om å ta med seg godt humør på Gunnøydilten, og få kunne vel motstå den heilage treeininga: pøls, kanelsnurr & trimpoeng.  Dessutan kunne ein vere heldig med å symbolsk vinne ein hengestol på vippslotteriet til inntekt for reparasjon av Hengebrua. Her var det berre å henge seg på.

Men ikkje alle var like i godt humør denne blodraude kalenderdagen. Mann med kikkert hadde tatt plass ved elvebredda og studerte folkehavet som var samla. Eller, gjengen med folk. Eit hav var kanskje å ta litt i. Sjølv var han ikkje så sjøsterk og likte best å krysse vatnet på fast dekke. Dei få gongane han måtte krysse fjorden i løpet av året var like stor tortur som medførte kvalme som ikkje kledde han. Ikkje fekk han teke del i svele-gleda ombord eller. Heldigvis hadde den nye ferja Stangvikfjord gjort det enklare å sabotere avgangane mellom Kvanne-Rykkjem. Så no måtte vel alle ta til fornuft å skjøne at det trongs tørrskodd asfaltkryssing over fjorden. Men nei da. Han sukka oppgitt. Kva anna kunne han eigentleg vente av bygda som planta rogn i elva. Det måtte tydelegvis hardare lut til. Noko han alt var i gang med.

Overredaktør Ørsal hadde alt rapportert frå dagens hendingar i Båthølen med fyldig bildedokumentasjon. Han var akkurat på veg til å halde langfredagen litt meir heilag og logge seg ut då blikket festa seg på ein ny e-post til red@todalen.no. Kva var dette? Han las fort igjennom og kunne kjapt med erfaren nyheitsaksblikk konstatere at dette kunne lett bli årets sak. Tipset var anonymt, men likevel truverdig. Var dette rett og slett ei større sak enn at Todalen grendalag har blitt Todalen bøgdalag? På nivå med ny kaffemaskin på Hals? Ja, han trudde det. Dette var på høgde med nye vikepliktskilt. Ei fjør kan fort bli til ein heil hønhals. Her gjaldt det å halde korta og kjeldene tett inntil seg. Han sletta e-posten kjapt slik at dei andre skribentane ikkje kunne hekte seg på og ta saka.

Først publisert: 15. april 2022, 07:00 - Sist oppdatert: 12. april 2022, 20:29