Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 2022: del 2

Guro Redalen Torsdag 14. april 2022

I del 2 av påskekrimmen står draumen om vårteikna i kø på Halsbua. Men la deg ikkje bli bedøvd av tanken om pollen og søget frå Toåa, for skal mysteriet bli oppklara må alle sansar vere like krystallklår som ein Halling tikkje tå blæst´n.

Etter eit par koppar med kaffi var Bladfyk klar for dagens skriveøkt på spelet om alle bruene i bygda. Eller, ikkje alle. Ho konsentrerte seg om dei mest kjente og dei som var knytt til moderelva Toåa. Skal vi sjå. Fillipsbrua. Dette var lett. Her hadde ein både ein historisk karakter å sette inn med Lort Ethelbert Phillips, og store moglegheiter for å dra historia om laksefiske på 1900-talet. Ho noterte: merk! Ikkje gå i Lady Arbunott-fella i margen. Tanken på plagiat-overskrifter i Driva og kanskje enda nærare presseorgan fekk ho til å grøsse. Nei, her var det å konsentrere seg om korleis få til ei mest mogleg grand opening. Det måtte danse laks, vere tidstypiske kostymer frå 1900-talet og hm … skulle ein smette inn ei god kjærleikshistorie alt her tru? Det er jo noko med aktiviteten fiske som la opp til både det eine og andre ordspelet som kunne overførast til flørting ved elvebredda. Bladfyk noterte, og gjorde eit par kjappe skisser til laksekostymer. Ho hadde alt eit par tankar om kven i bygda som kunne vere aktuelle i synkron dans i stramme sølvglitrande kostymer. Ho vurderte òg å legge inn ein sketsj om namnet til Lort Ethelberg, men let det vere med tanken. Eit viss nivå måtte det vere her skulle spelet ha ein sjanse til å bli ein like stor suksess som Romådalshelg.

Det var stille i bygda. Draumar hadde blitt godt knuste under gårsdagens påskequiz med tacosnadder i regi av todalen.no. Fleire som nesten måtte gå sidelengs inn døra på Ungdomshuset grunna breiskuldra optimisme, kunne smalskuldra og med dukenakke tasle seg heim. Med knekt sjølvkjensle og slapp svikt i den nedarva polsfoten. Joda. Kjekt med noko sosialt. Og i teorien kjekt med kunnskapstevling. Om ein berre kunne svaret.

Styreleiar Husby derimot kvilte godt på laurbæra. Han tasta alt inn suksess inn i årsmeldinga 2022 for todalen.no. Nei. Han rettar det opp til STOR SUKSESS! Med capslock og utropsteikn. Skulle han slenge inn internasjonal og? Kvifor ikkje, det klang godt. Så langt dette året var det heilt klart meir blest og aktivitet i bygda, noko som skapte gode ringverknader til todalen.no. Her var det alt grunn til å bruse med styreleiarfjøra, og det utan at han måtte plante nyheiten sjølv.

Heldigvis var det mogleg å sløkke sorga på ei kioskope Halsbu. Her var alt eit søg av heimkomne søner og døtrer blanda med fastbuande og anna folk på handel. Ein Heil Halling mumla «gn-eip, gn-akkpøls, gn-utekål og stævle» medan han las på handlelappen som var sendt med. Grasforskar Grønmyr og Gamalostystar Gjeldnes hang ved frysevarene og diskuterte kva som smaka best til ækker-hjort. Ein diskusjon Handelsmann Nordvik ikkje la seg borti. Han hadde meir enn nok med å føre overoppsyn og sjå til at handelen gjekk etter Stangvikboka. Så langt såg det ut til at påskehandelen 2022 kunne rapporterast inn som intet mindre enn fenomenalt. Brei erfaring, og falkeblikk for varer sjølv kresne byfisar og andre handelslekasjar ikkje kunne motstå å putte i korga kom her til sin rett. Kyllingfiletar, kinakål, kaviar, klinkekuler, kleshengar, kalvegrime, klisterfjernar i kvar ei krik og krå. Det bogna av burger, brus, bølgjeblekk og Bremykt.

Lyden av kasseapparatet som peip ein halvraud dag i april var nesten betre enn skrommeltoget 17. mai. Men berre nesten. Ok, nok filosofering på flatmark. Handelsmann Nordvik hadde da betre ting å ta seg til. Hans trufaste hjelpar Støvbrettet sto klar for nye oppdrag. «E du Nord?» song Kari Bremnes på radioen, men det var ikkje den retninga Handelsmannen hadde kursen.

Først publisert: 14. april 2022, 07:00 - Sist oppdatert: 12. april 2022, 20:24