No tek kløverturen juleferie. Siste kløverturen i 2020 var lagt til Tjønnmyrane. 15 deltakarar gjekk tur og avslutta sesongen med triveleg samling i gapahuken. Men over nyttår blir det nye turar.
Les heile saka
No tek kløverturen juleferie. Siste kløverturen i 2020 var lagt til Tjønnmyrane. 15 deltakarar gjekk tur og avslutta sesongen med triveleg samling i gapahuken. Men over nyttår blir det nye turar.
Les heile sakaNordvik Grendalag minner om den digitale basaren. Siste dag for loddkjøp er 3. desember.
Nordvik Grendalag melder at i år blir førjulsbasaren på Nordvik digital. Ein kan alt kjøpe lodd ved å VIPPSE til 98505. Prisen for eit lodd er 50 kroner. Det er viktig å skrive namn på meldinga når ein vippsar. Loddsalet har alt starta, og ein kan kjøpe lodd fram til 3. desember. Trekking ved styret Grendalaget i 7. desember.
Todalen Idrettslag sender i desse dagar ut Medlemsinfo til sine medlemmer. Dette kjem i postkassen i løpet av helga. Her ber idrettslaget alle medlemmer om å sende inn epostadressa si. Dette for å lette arbeidet med å sende ut medlemsinformasjon og medlemskontingent. Så idrettslaget håper på god respons frå sine medlemmer på dette! Medlemmer som bor utanfor bygda blir spesielt oppfordra om å registrere epostadressa si!
Les heile saka8. klasse ved Surnadal ungdomsskule har hatt spanande dagar med leirskule på det gamle fiskeværet Bjørnsund utafor Bud. Heile det 9. årstrinnet reiste utover sist måndag og hadde tilhald på leirskulen i det gamle fiskeværet til fredag. Det vart travle dagar frå 8 om morgonen til kl 17 om ettermiddagen – og sjølvsagt ein bratt læringskurve når dei både skulle lære og prøve «livet i fjøra» i løpet av veka.
Les heile sakaKnut Bergli i Barne- og Ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag informerer om at det frå klokka 14:00 i ettermiddag blir mogleg å gå på skeiser på Todalen Idrettslag sin skeisebane på Bordholmen stadion.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 30. november. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Samling ved gapahuken oppe på Tjønnmyran ca. kl 11.15.
Les heile sakaDa er det klart for årets happening, skriv Brusetmarka vel i sin invitasjon til tenning av julegrana i Trudvangkrysset. Det skjer måndag kveld 30. november, kl 18:00 og dei byr på enkel servering. Sjølvsagt er arrangementet tilpassa smittevernreglane i kommunen i samarbeid med kommuneoverlegen – men vi gjer det beste ut av det, seier arrangøren.
På søndag er det lysmesse i Todalen kyrkje klokka 19:00. Opprinneleg var det meininga at det skulle vere konsert med: P17-koret, Bjørn Vevang og orgelreparatør Espen Selbæk, etter lysmessa. men dette let seg dessverre ikkje gjennomføre på grunn av smittevernreglane i samband med Covid-19.
Les heile sakaTodalen Grendalag si, etter kvart, tradisjonelle julegate, mellom Talgø og Matkroken, vart tend i ettermiddag. På grunn av Koronasituasjonen så vart det ikkje noko arrangement i samband med tenninga av julegata i år, slik det har vore åra før. Men knapt tretti hadde likevel teke turen for å sjå at julegata vart tend. Todalen Grendalag […]
Les heile sakaAlle årstider har sin sjarm! Slik er det også i Toåa tursti, som følgjer Toåa frå Trøbakkan og nedover til Halsabrua. Med mykje fint rim som har punta opp både skog og mark, tok vi turen nedover stien. Håpa sjølvsagt at det dukka opp ein trimmar eller to, slik at vi kunne få eit lite stuntintervju. Som oftast treffer du folk i turstien, for den er mykje bruka – men denne gongen fikk vi ha den for oss sjølv.
Les heile sakaAdventstida nærmar seg, og førstkomande søndag er det første søndag i advent. Med tanke på at dette har vore eit spesielt år, på grunn av Koronasituasjonen store delar av året, vil det vere viktigare enn på lenge å lyse litt opp i dagane fram mot julehøgtida.
Les heile sakaOm det ikkje er mange så er det i allfall fleire som tek omaken med å besøke butikken vår for å kjøpe ski. Det er kanskje ikkje så rart, for Kårvatn Fjellutstyr var nærast pionerar da dei starta med sal av slikt utstyr for lenge sia. Marianne Melhus Gautvik tok fredag turen frå Trondheim, og da vart det komplett pakke med utstyr for Marianne og ettersom dette var Black Friday så var det vel rette dagen for å handle utstyr.
Les heile saka