Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny satsing: Visit Nordvest på visitt til Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. juni 2021

Det siste døgnet har Visit Nordvest vore på Todalsvisitt, men tanke på å promotere Todalen som turistmål.  Vi fekk eit lite frukostintervju med gjengen som er på 14-dagers tur rundt på Nordvestlandet for å samle inn bilde, film og inntrykk med tanke på neste års marknadsføring av området og satsing mot reiselivet.

Les heile saka

Fine kløverturar i juni

Dordi Jorunn Halle Måndag 28. juni 2021

Sol og god temperatur – ein riktig fin dag for kløvertur. Turen 28. juni gjekk frå Gammelfabrikken oppover Gammelfalla langs Storfossen; riktig så idyllisk med fossedur, fuglesong og fargerike blomstrar.

Les heile saka

Torsdag er det stavgangtur til Nauståfossen

Jon Olav Ørsal Måndag 28. juni 2021

Torsdag 1. juli er det ny stavgangtur i regi av Surnadal pensjonistlags stavganggruppe.  Denne gongen går turen til Nauståfossen ved Kårvatn i Todalen. Start til vanleg tid kl 11, frå parkeringsplassen ved Kårvatn.  Etterpå blir det kafferast ved Kokkhuset  

Les heile saka

Ny runde med asfaltering av skader i asfalten

Jon Olav Ørsal Måndag 28. juni 2021

I dag har det pågått asfaltering av mange små grufser rundet bygda.  Dei par vekene har Mesta førebudd asfaltering der det er skader i asfalten rundt heile bygda.  Pengane strekk nok ikkje til slik at alt blir utbetra, men dei verste hola i asfalen blir no reparert. 

Les heile saka

Årsmøte i Nordvik Båtforening

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 28. juni 2021

Onsdag 16.juni var det årsmøte i Nordvik Båtforening i Nordvik forsamlingshus. I tillegg til dei vanlege årsmøtesakene, var det ei orientering om planene for ny småbåthamn, som er planlagt nedanfor hyttefeltet på Øygarden.  Styret i båtforeninga pressenterte dei foreløpige planene og framdriftsplana for den nye småbåthamna. Årsmøtet gav si fulle tilslutning til planene og fremdriftsplana […]

Les heile saka

I natt gikk Hønhalsen – fritt fram for bading!

Jon Olav Ørsal Sundag 27. juni 2021

I nattens mulm og mørke har siste rest av hønhalsen gått av.  Vi har dei siste dagane hatt eit auge på Hønhalsen, slik at vi skulle kunne informere så snart som muleg.  I går var det forresten lågt skydekke og vanskeleg å halde fokus på tilstanden, men i dag kom den første meldinga tidleg, og da var det ingen tvil.

Les heile saka

Sykkeltrim onsdag 30.juni

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 27. juni 2021

Onsdag 30.juni arrangerer Trimgruppa i Todalen Idrettslag sesongens andre sykkeltrim. Start frå Bordholmen stadion klokka 18:00. Ruta denne gongen går frå Bordholmen og utover til Ansneset, med retur til Bordholmen. 

Les heile saka


Todalsdagen 2021 sett frå lufta

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 26. juni 2021

Vi har vore så heldige å fått tilgang til nokre bilete frå Todalsdagen 2021, sett gjennom augene til ei drone. Bileta kan du sjå nedanfor!                

Les heile saka

Endeleg Todals-Cup i fotball igjen!

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 26. juni 2021

I fjor vart alle fotballcupar avlyst på grunn av koronasituasjonen og smitteverntiltak i samband med epidemien. Så gleda var stor da Todalen Idrettslag fekk klarsignal for å gjennomføre Todals-Cupen i fotball under Todalsdagen, som vart arrangert i dag, sjølv om det innebar kort tid til førebuingar og invitasjonar. 

Les heile saka

Ein god og viktig Todalsdag

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. juni 2021

Todalsdagen 2021 kan uten tvil omtalast som ein suksessfull dag på alle vis.  Lenge var det usikkert om det kunne arrangerast nokon Todalsdag, på grunn av smittevernreglar og risiko for spreiing av koronasmitte.  Etter kvart var det beslutta at ein skulle kjøre eit amputert arrangement utan fotball, slik at ein heldt seg innafor gjeldande reglar for smittevern.  Men i tolvte time – eller rettara sag ei veke før arrangementet vart det klar at myndigheitene ville tillate breddeidrett igjen – og dermed fotball. 

Les heile saka

Trekningsliste – Sommarlotteriet

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 26. juni 2021

Klokka 14:00 i dag var det trekning i Todalen Idrettslag sitt Sommarlotteri. Totalt vart det selt 1383 lodd, som gav ei total inntekt på kroner 27.660,- frå lotteriet, noko idrettslaget er strålande nøgd med! Todalen Idrettslag nyttar høvet til å takke alle som har kjøpt lodd i årets Sommarlotteri, og alle sine samarbeidspartnarar som har gjeve gevinstar til Sommarlotteriet, Tusen takk!

Les heile saka