Med konsertprogrammet «Ville vekster i rosentiden» hadde Billucas nærast førpremiere i Todalen kyrkje fredag kveld. Dei har turnert litt i distrikts-Trøndelag i april og mai, men programmet skal lanserast i Frimurerlogen i Trondheim først søndag kveld. Og todalspublikumet tok vel i mot dei og fekk faktisk skryt for at dei var lydhøre.
Les heile saka
Surnadal museum og Surnadal hagelag samarbeider om årets «hagedag» på museet på Åsen laurdag 21. mai. Hagelaget held sitt årlege planteloppemarked i gardstunet – her kan du finne eit spennande utval av planter og samtidig støtte ei aktiv forening! Museet inviterer litt seinare til boklansering, det er kildeskriftet «Jacob Chr. Tokles dagbok 1827-1838» som blir gitt […]
Les heile saka
Torsdag hadde Stavgangruppa tur til Brusetmarka, Storfossen og Tjønnmyra på programmet. Med Gammelfabrikken som base og eit 40-tals frammøtte bar det ut på trimtur. Trimturen vart lagt opp Falla, med turopplegg etter eige ønskje med tanke på lengde og varigheit.
Les heile saka
I ettermiddag har det vore stor helipokptertrafikk i bygda. Det er nok mange som har lurt på kva som har foregått, men det har si naturlege forklaring i at det er Svorka energi som driv med visuell kontroll av straumnettet. Kontroll av straumnettet blir gjort i faste tidsintervall, og inspeksjon med helipokter er ganske effektivt […]
Les heile saka
Søndag 22.mai kl. 12.00 er det klart for årets første kulturvandring i regi av Todalen historielag. Da går turen til Hjellnes, der det blir kulturvandring på gardane Nestua og Oppistua. På Hjellnes er det mykje gamal historie, som historielaget gler seg til å dele med sine medlemar og andre som har lyst til å bli med. Historielaget fyrer opp grillen og koker kaffe – ta med grillmat eller eventuell niste.
Onsdag 25. mai mellom kl 11 til 18 er det ope hus i det nye Pestu-fjøset. Det er Fjøssystemer som har vore hovudentreprenør for fjøsutbygginga som er vertskap saman med Anders Karlsen og Ståle Ansnes. Utbygginga av fjøset skjedde hausten 2016 og var innflyttingsklart før jul. No er fjøset i full drift, og det inviteres altså til omvisning.
Les heile saka
Med vintertemperatur på 5 grader, og regn i morgentimene, var det ikke akkurat noe ønskevær for 17. mai. Etter hvert ble det noen revner i skydekket, og en disig sol tittet så vidt fram av og til. Som vanlig startet toget fra Oppistua, med endestasjon ved forsamlingshuset. Da alle hadde benket seg inne, var det klart for dagens tale ved Nils Ove Bruset. En aktuell tale med skjemt og alvor, hvor nordvikgardingene var i fokus.
Les heile saka
Nok ein 17. mai er på hell, og mange har kanskje trappa ned feiringa. Vi har sett saman eit bildegalleri frå dagens andre arrangement i Todalen, som startar med gudstjeneste, kransnedleggelse, tog og til slutt ein matbit og tale for dagen i Todalen skule.
Les heile saka
Det var ein litt grå start på nasjonaldagen, men vêret var slettest ikkje til hinder for eit biltog som nesten slo alle rekordar klokka 10 i dag. Utruleg mange hadde teke turen til Hals for felles tur opp til Gammelfabrikken og deretter nedatt til frukost i Ungdomshuset. Endatil tilreisande var i år å sjå blandt den lange rekkja av bilar som kjøyrte oppover bygda. Da både turistar og heimesjukepleien som kom «midt oppi det» på Kvendset.
Les heile saka
Gi mannen ein stubbe, ei motorsag, rikeleg med motorsagbensin og eit pussepapir og dei mest utrulege figurar veks fram etter mange timars arbeid. Mange har nok lagt merke til dei ulike figurane som står ved Østødalskrysset og speidar utover Kvennbø. Desse er det Ove Magne Aasen som har laga. Det er nesten freistande å skrive kunstnar Ove Magne Aasen, for her finn ein verkeleg mykje fint handtverk laga med motorsag og time på time med pussing og finjustering.
Les heile saka
Fotballgruppa som står for frukostarrangementet på 17. mai melder no om at frukosten er bestemt servert i Todalen Ungdomshus, og IKKJE på Bordholmen som annonsert i utsendt program. Verguden har ikkje tenkt å spele på lag i morgon, og arrangørane vel derfor å ha serveringa innomhus som i fjor.
Les heile saka
Det blir tradisjonell 17. mai feiring på Nordvik, med tog fra Oppistua kl 1400. Deretter samles alle i forsamlingshuset til dagens tale, med etterfølgende middag.
Les heile saka