Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Maria kuppa basaren

Elinor Bolme Måndag 3. oktober 2016

Trekning av barnebordet viser seg stort sett å vere dagens høgdepunkt under den tradisjonelle basaren til Todalen Sanitetsforening. Og det var ikkje noko unntak i går, med mange spendte små som sirkla rundt det  velfylte bordet. Maria Kvendset Bergli var ikkje tung å be om eit bilde etter at ho fekk sikra seg rekordmange fine gevinstar etter trekninga. Til og med ein tyggisautomat og ei kombinert drikkeflaske som ho faktisk hadde sett seg ut tidleg.

Men det var ikke berre ungane som vann, for med eit hovudbord, dagens bord og åresalg vart det delt ut gevinstar i fleng.

img_8636

Ved barnebordet var det jamn trafikk heile dagen. Nesten 300 lodd vart seld på 3 timar og spenninga var STOR om ein vann det ein hadde lyst på.

img_8637

Dagens bord er også eit populært innslag. Dette er gevinstar som ikkje er har vore med på førehandssalg, men kun seld under sjølve basardagen.

img_8644

John Moe, Per Reiten og Knut Halset var tre av mange som tok turen på basar.

img_8641

Basarstemninga var som vanleg høg, og nye generasjonar er med og held gamle tradisjonar i live.

img_8642

Folket kosa seg med gratis servering og sosialt samvær.

img_8639

På kjøkkenet var det Sigrun, Liv og Lovise som hadde full kontroll. Dei passa på at alle hadde det dei trengte i både koppar og glas.

Basaren er hovedinntekta til Todalen Sanitetsforening og styret i foreninga ønsker å takke alle som har bidrege til at i overkant av 40 000 kom inn. -Bygdafolket er fenomenale til å støtte oss, både med gevinstar og loddkjøp roser nestleiar Kari Kvendset. -Vel 22 000 i førehndssalg på L Hals er rett og slett imponerande.

Her er komplett trekningsliste: trekningsliste-sanitetsbasar-2-oktober-2016

Publisert: 3. oktober 2016, 09:26