Fredag var det ubønnhørleg slutt på ein lang karriere som bussjåfør for Sverre Kjølstad. Laurdag fyller han 75 år, og dermed setter regelverket bom stopp for meir busskjøring. Egentleg er det 10 år sia han gikk av med AFP-pensjon i 2006, i ein alder av 65 år, men dei siste 10 har het vorte litt vikarkjøring, og dei siste 3 åra har han køyrt skulebuss til kårvatn og Hjellnes – ein liten tur på føremiddagen og ein tur på ettermiddagen.
Les heile saka
På grunn av vêrtilhøva var rute 46 Kvanne – Rykkjem innstillt i fredag kveld. Laurdag kl 8,38 melder Fjord1 om normal drift igjen.
No er det høgsesong for julemesser, og komande søndag (27.11) er det 1. søndag i advent og turen er komen for Surnadal Husflidslag. Dei arrangerer i år julemesse si i 2. etasje i Gammelsamvirkelaget på Skei. Tilsaman er det 37 utstillarar som setter kvarandere i stemne, og lagar julestemning i tidsrommet 12 til 18, fortel Torunn Nordvik i Surnadal Husflidslag til Todalen.no
Les heile saka
Frå Eivind Hasle og Indre Nordmøre Senioruniversitet har vi fått eit referat etter at dei tok for seg «Strikking som kultur» på Surnadal Kulturhus i går.
Les heile saka
Musikk kan vere helsebringande og med det føre til betre livskvalitet innafor t.d. eldreomsorga. Tysdag kjem Audun Myskja til Surnadal for å fortelje korleis ein skal bruke musikk på ein slik positiv måte.
Audun Myskja vil tysdag 29. november, på dagtid, vere forelesar for tilsette i helse- og omsorgssektoren frå fleire kommunar. Men på kvelden, frå kl. 18, kan kven som helst kome for å høre på Myskja i kulturhuset på Skei.
Les heile saka
I starten av november hadde vi ei sak om asfaltlegging på Surnadal hamneterminal. Det var rundt 17 mål som vart lagt asfalt på – faktisk det største enkeltoppdraget som Veidekke Industri har hatt i år. Kristian Mossing var prosjektleiar for Veidekke, og da vi var innom for å forevige asfaltlegginga, var han i full aktivitet med filming med drone i hamneområdet. Klikkar du på linken nedafor så får du no sjå resultatet…..
Les heile saka
Av og til dukkar det opp ein godbit frå gamle arkiv. Denne gongen var det eit innslag frå Norge Rundt den 21. desember 1990 som fanga interessa. Denne sendinga hadde eit innslag frå Todalen, sidan Vangsgutane fylte 50 år dette året. Todalingane hadde naturleg vis dramatisert eit av stykkja som vart sendt i beste sendetid.
Les heile saka
No blir det advent før vi veit ordet av det, og dermed sesong for å opne luker på adventskalderen. Fredag kveld kjem Isak, som er 9 år, på døra for å selge adventskalendere for Alpingruppa i Surnadal I.L, og han har hyra inn mor Ingvild som sjåfør og hjelpar. Han har fått Todalen som distrikt og 50 kalendere til disposisjon.
Les heile saka
VAMP er ute på jubileumsturne og gler seg til å spele i Surnadal onsdag. Og det blir garantert folksamt på feiringa i kulturhuset, for det er ikkje så veldig mange billettane att til konserten.
Det var feiar Øyvind Staveland som tok initiativet til å starte Vamp, og utpå vårparten 1991 innleia musikarane eit samarbeid med lyrikaren Kolbein Falkeid – og resultatet vart feiande flott.
Les heile saka
Årets julemøte til Surnadal Pensjonistlag blir arrangert på Nordmøre Folkehøgskule torsdag 1. des. kl 1330.
Her blir det underhaldning, og kåseri ved ordførar Lilly Gunn Nyheim. Utdeling av Eldrearbeidsprisen for 2016.
Les heile saka
Laurdag ettermiddag litt før klokka 16 vart Matkroken utsett for eit frekt tjuveri. Ein framand mann tok seg inn bakdøra på butikken og forsynte seg med varer. Fleire kundar la merke til mannen på parkeringsplassen, og han er også festa på film via butikkens overvakningskamera. Mannen for med ein eldre plommeraud personbil, muligens toyota. Bokstavane i registreringsnummer som vitner har merka seg er CV, og mannen er europeisk av utsjånad.
Les heile saka
Eit bokslepp er i seg sjølv kultur, men på Todalen historielags bokslapp var det nok Ola Bræin som stjal kulturshowet. Ola Bræin har i årsskriftet for 2016 skrive om krigsåret, da familien bodde i Todalen, og han gjekk på skule her. – «E føle me som ein ekte todaling», sa Ola Bræin.
Les heile saka