Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fotballsesongen i aldersbestemte klassar godt i gang.

Elinor Bolme Torsdag 18. mai 2017

I kveld var det lokalderby mellom samarbeidslaget Surnadal/Søya/Todalen og Sunndal i klassen G14 på Bordholmen. Sunndalingane var hakket sterkare og hadde komandoen begge omgangane. Sluttresultatet vart til slutt heile 14-0 til bortelaget.

Heimelaget består som namnet tilseier av gutar både frå Todalen, Kvanne og Surnadal, og er organisert via Surnadal IL.

Ein forventningsfull gjeng unggutar klare for kamp. Sidan dei spelar på Bordholmen er dei iført heimedraktene med tilhørande sponsorlogoar.

Klare til kamp.

Endeleg kan også trøbilane luftast, og is og bakels blir å få kjøpt i kiosken. Fredrik, Edvart, Sivert og Trym er storfornøgd.

Jens Olav Moe var kveldens dommar og hadde god kontroll under heile kampen.

Mykje folk på sesongens første fotballkamp på Bordholmen.

Publisert: 18. mai 2017, 21:08