Årets store loppemarked i regi av Surnadal Røde Kors Omsorg arrangeres 20. mai (kl 11-16), i Røde Kors-huset på Bøvra. Her blir det i tillegg loddsalg, telt med kaffesalg og god, gammeldags «loppis-stemning», lover leder i Røde Kors Omsorg, Elin Bøklepp Kvande.
Les heile saka
Denne helga har det pågått oppgradering av Telias basestasjon i Todalen. Som vi har skrive om tidlegare så er batterikapasiteten auka med tanke på straumbrot – no er kravet frå myndighetene at sentralen skal kunne levere tenester minst i 4 timar. I den nye basestasjonen er no batterikapasiteten mangdobla.
Les heile saka
I dag har det vore humanistisk konfirmasjon i Surnadal kulturhus. 12 ungdomar frå Indre Nordmøre valgte i år humanistisk konfirmasjon, og saman med familie og venner var dei samla i kulturhuset til ein flott seremoni, der Jenny Klinge heldt tale for dagen
Les heile saka
Laurdag opna arboretet dørene for ein ny sesong, og vi stakk innom for å sjå på Rododendronblomstringa. Og jammen var nokre flotte rododendronar som alt stod i full blomstring, men med varmen kjem nok rododendronblomstringa for fullt. Og det blir mykje rododendronblomster i år seier Katarina Wedelsbäck Bladh, som er fagleg ansvarleg i Svinvika og som tok i mot oss saman med Maja Frønes som er leiar for arboretet.
Les heile saka
Torsdag ettermiddag starta Viastukyrne sommarsesongen, og det vart jammen maykje hopp og sprett på stive fota. Det var nok godt å kome ut i sola og dufta av nygrøå etter 9 månader i fjsøset. Rett nok har dei ikkje stått på bås, for Ola Kvendset har investerti nytt moderne fjøs for lausdrift og med mjølkerobot for nokre år sia
Les heile saka
Telia er utan signal i Todalen. Nettet til Telia mobil har vore ute sia laurdag føremiddag på grunn av oppgradering av basestasjonen i Todalen. Dette arbeidet vil pågå heile helga, og blir avslutta tidlegast søndag kveld eller måndag.
Les heile saka
Torsdag er treningsdag for knøttelaget i Todalen. Gårsdagens trening starta litt annleis sidan leiar i fotballgruppa hadde utfordra dei til å plukke søppel frå Bordholmen og på baksida av fabrikken i løpet av våren. Og med ein gjeng ivrige og lettbeinte ungar vart bilen til fotballeiar Knut fyllt opp med alskens skrot på ein stor halvtime.
Les heile saka
Godt oppmøte pregar årets stavgangsesong – torsdag var det over 40 som deltok da Pensjonistlagets stavganggruppe treftes på Årnes. På Årnes var det som vanleg ein trimtur i nærmiljøet, der den enkelte sjølv kunne bestemme mål og retning, og kanskje berre nyte finvêret.
Les heile saka
Da er også programmet for feiringa av nasjonaldagen på Nordvik klart. Programmet startar med tradisjonelt folketog frå Oppistua og innover til forsamlingshuset. Vidare blir det tale for dagen og servering av sodd og anna mat før arrangementet fortsett med leikar på Øygarden stadion.
Les heile saka
No er programmet klart for feiring av nasjonaldagen i Todalen. Feiringa er basert på tradisjonelle element, og startar kl 10.00 med biltog, og fortsett med frukostservering på Bordholmen rett etterpå ca kl 11. Etter ein kort pause er det på’n igjen, med gudsteneste i Todalen kyrkje kl 14.30, og folketog frå kyrkja og til skulen, der det blir servering av sodd, litt program og tale for dagen.
Les heile saka
Tidlegare annonsert prøving av Todalen IL sine klubbjakkar er dessverre utsett ei veke da forsendelsen frå Danmark er forsinka.
Torsdag fikk vi være med gjengen på Rossåa settefisk på utsetting av smolt i Toåa. Føler egentlig at vi har fått være med på heile livssyklusen til smolten som vart «sendt ut på livet» i dag, for vi har vært med både på stamlaksfiske, gentesting, stryking, merking av smolt og ikkje minst kontroll gjenfangst av merka laks. Veldig artig og lærerikt, tykkjer vi. Men i går var det altså smoltutsetting som stod på programmet.
Les heile saka