6 topper Torvikbukt, som vart arrangert i dag, for attande gong sidan 2004, er kalla Norges tøffaste halvmaraton. Erik Kårvatn gjorde eit kjempeløp og sprang inn til beste juniortid gjennom tidene, og den 7. beste tida som nokon gong er oppnådd i løpet si historie. Erik vann juniorklassen og vart totalt nummer 4 i løpet, i sterk konkurranse med mange andre sterke utøvarar. Dermed er Erik inne på den såkalla «kongerekka», som er dei 10 beste tidene som er oppnådd gjennom historia i 6 toppar Torvikbukt.
Les heile saka
Måndag 20. september startar anleggsarbeidet med sikring av ferjekaiene på strekninga Kvanne- Rykkjem. Det vil medføre nokre endringar både på ferjerutene og på bussruta for siste avgangen for Fram Ekspress rute 902 frå Molde til Surnadal.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til KløverRUSLEtur måndag 20. september. Oppmøte ved Sanitetshuset kl. 11:00, og så blir det rusleturar i nærområdet på Kvennset.
Les heile saka
Fredag 1.oktober markerer Eldrerådet og Surnadal Pensjonistlag den internasjonale eldredagen i Surnadal kommune. Først blir det foredrag om digitaliseringa innafor eldreomsorga. Dette skjer i Svorkasalen på Surnadal kulturhus klokka 13:00. Etterpå er det middag på Thon Hotell Surnadal. Det er montert teleslynge i Svorkasalen.
Les heile saka
I tråd med regjeringa si beslutning om å tilby 3. dose til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar, ønsker FHI at kommunane no informerer om dette avgrensa tilbodet. Så her er informasjonen om 3. dose frå Surnadal kommune.
Les heile saka
Torsdag kveld spela Søya/Todalen sitt G9-lag heimekamp på Søyabanen mot Tingvoll G9. Det var litt «duskregn» under kampen, men det såg ikkje ut til å påverke spelarane sin innsats nemneverdig. Så det vart ein velspela og jamn kamp publikum fekk sjå.
Les heile saka
Ganske jevnt i toppen, men etter tordenværet av Torgunn Nordvik vant månadens bilete for August. Vi gratulerer med vinnarbilete og vil få levert ein kaffekopp til deg. Takk for alle bidrag som kjem inn til oss, vi tek gjerne imot fleire bidrag
Les heile saka
I dag starta haustdagane på Byggmakker og Hageland i Surnadal. Butikkane var fullspekka av varer og gode tilbod av alle slag, og det gjekk an å gjera ein skikkeleg god handel. Det dufta nysteikte bakels og nykoka kaffe og vart servert marsipankake til kundar som stakk innom. Fredag og laurdag er det full rulle hos «naboane» på Syltøran.
Les heile saka
Da vi satte kursen mot Rindal og Igltjønna var det lett regn i lufta, men da vi var klare for stavgang tok regnet slutt, og vi fikk en fin tur med behagelig temperatur og en disig sol. Oppslutningen var svært bra med 31 stavgangere og 11 fra Surnadal videregående skole. Det var et trivelig bekjentskap med gjestene fra skolen, og tradisjonen tro hadde de bakt velsmakende sjokoladekaker som de serverte til pensjonistene. Tusen takk for serveringen og et trivelig lag.
Les heile saka
Den som har køyrt Dalavegen i det siste har nok opplevd marerittet med djupe hol – tett i tett. No blir det gjort noko med det, for torsdag morgon var veghøvelen i full gang opp Falla frå Trudvangkrysset. Kommunevegen frå Trudvangkrysset og oppover til Kårvatn er kommunal grusveg, og da er det behov for å bruke veghøvelen ein gong i mellom.
Les heile saka
Onsdag var Kampsportlinja ved NoFo på Todalstur for å gjera seg kjent. Dei hadde med seg eigen kjentmann, Kjell Gunnar Polden, som losa elevane oppover bygda til dei kom til veis ende ved Nauståfossen. På turen fekk dei sjølvsagt med seg både verdens beste drivstoff, HalsOil, graut og bakels med Karen Johanne og slakting av hjort på Talgø gard før dei fortsett vidare. Vi har fått både bilder og vidare omtale med Kjell Gunnar – bla vidare…
Les heile saka
Har du lys til å prøve deg som modell? I så fall har du en ypperlig sjanse nå, for i uke 42 – om nøyaktig 5 uker skal firmaet Fjellsport ha fotosession på Todalshytta, og har da behov for flere modeller. Derfor går de nå ut og søker etter 4 modeller til fotografering av produkter innenfor kategorien friluftsliv. Er du interessert kan du bla videre og lese mer om det som skal skje!
Les heile saka