Frode Grønmyr sitt fine bilete av flagg og flaggspett vant velfortjent månadens bilete denne gongen. Kopp med logo vil bli overbragt snarest.
Les heile saka
Frode Grønmyr sitt fine bilete av flagg og flaggspett vant velfortjent månadens bilete denne gongen. Kopp med logo vil bli overbragt snarest.
Les heile sakaFredagens Jonsvaka-konsert i Åsskard kyrkje mønstrar eit stort ensemble under tittelen «Tonar til alle tider».Operasongarane Sigrid Bøe, Turid Røen Kroknes og Erik Rosenius har med seg godbitar av Grieg, Strauss, Larsson, Bach og andre. Dei får tonefølgje av pianist Tor Strand, oboist Ebba Ringmar og ein profesjonell strykekvartett med tvillingane Åse og Anne Aaknes, Synnøve Hammervold og Eivind Rossbach Heier.
Les heile sakaI starten på skuleferien, kan Surnadal kino by på Elvis, western og animasjon. Alle western-entusiastar bør få med seg Old Henry, ogg berre kort tid etter at Kjell Elvis besøkte Surnadal, så kjem jaggu «Kongen» tilbake på, men denne gongen på det store lerretet! Det er Laksedagar i helga, og det gjer det for tungvint å vise film fredagskvelden, så da blir søndag den «store» kinodagen»!
Les heile sakaTorsdag 23. juni klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgang rundt Betnaneset i Heim kommune. Parkering og start ved idrettsplannen. Etter stavgangturen blir det kafferast på låven til Helge Røv.
Les heile sakaI kveld var det toppoppgjer i 6. divisjon mellom Søya (3.plass) og Eidsvåg/Eresfjord/Vistdal. Da laga møtte kvarandre for nokre veker vart resultatet 1 – 1, så det alt låg til rette for ein jamn kamp, noko det også vart.
Les heile sakaRiktig godt og varmt ver, god stemning og mange med på tur – retteleg triveleg avslutning på Kløvertursesongen våren 2022.
Les heile sakaSvorka melder om strømutkobling i kveld på grunn av nødvendig arbeid på strømnettet. Dette gjelder områdene Skeisnebba til Melhus, Todalen og Stangvik/Torvik. Strømutkobling fra kl 22:00 mandag kveld til kl 06:00 tirsdag morgen. Har du spørsmål kan du ringe vakttelefonen 924 20 050.
Klassekampens sommerbåt går i år frå Trondheim til Bergen, og det er galeasen Svanhild som sørgjer for sjøvegs transport for reisefølgjet. Frå Trondheim gikk turen til Frøya, vidare til Smøla og så til Surnadalsøra/industrikaia der båten er kveld. Bladfykane arrangerer på sin tur nedover Vestlandet både debatt, konsertar og panelsamtalar og er på jakt etter gode saker
Les heile sakaOnsdag 22. juni, arrangerer Svinviks arboret nok ei «lunsjvandring» i arboretet. Oppmøte ved kafeen klokka 12:00, for den som vil delta på ei halvtimes vandring i lag med fagansvarleg i Svinviks arboret, Katarina Wedelsback Bladh. Dette kan godt kombinere med eit besøk i kafeen før eller etter vandringa. Svinviks arboret kan også freiste med fotoutstillinga «Store lille verden» som Jõrg Brunke akkurat no har i den gamle billettbua i arboretet.
Les heile sakaVi feirer St. Hans den 23. juni og mange lever vel i den trua at det er da «sola snur»? Det stemmer faktisk ikkje, for tidspunktet for retningsskifte for sola er alltid på 20. eller 21. juni på den nordlege halvkula. I år skjer det 21. juni kl 11:13 – da er det offisielt solkverv – eller sommarsolkverv.
Les heile sakaI dag har vi mottatt pressemelding om at Per Otto Flæte er ansatt som utviklingsdirektør i Talgø. Innovasjon er en sentral del av Talgø-konsernets DNA, og selskapet har alltid satt utvikling i høysetet. Selskapet har nå ansatt Per Otto Flæte i nyopprettet stilling som utviklingsdirektør, og viser med dette at de ønsker å ta stadig nye steg innen forskning og utvikling. Flæte kommer fra stillingen som forskningsleder ved Norsk Treteknisk Institutt og kjenner godt til Talgø
Les heile sakaUnder Todalsdagen 2. juli på Bordholmen stadion, ønsker Todalen Idrettslag å «løfte» fram alle dei flinke lokalprodusentane, som finst i Todalen. Mange av desse har allereie takka ja til å vere med, og om det skulle vere fleire som ønsker å vere med, er det berre å ta kontakt med Elinor Bolme for å melde seg på, gjeld lokalprodusentar i Todalen og på Nordvik.
Les heile saka