Todalen sanitetsforening inviterer til Strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 22. oktober i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til Strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 22. oktober i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Les heile sakaOnsdag vart den siste furua, som Erling Talgø planta på Kvennset først på syttitalet, teken ned. Erling Talgø planta rundt tretti furuer, for å pynte rundt den «nye» møbelfabrikken på Kvennset, da andre byggetrinn av fabrikken stod ferdig først på syttital. «Furuene vart henta i Hallaneset, og var mellom 2 og 3 meter høge da dei vart flytta til Kvennset», fortel Bernt Kalseth. Han hadde sommarjobb på Talgø og var med og flytta furuene og å plante dei på Kvennset.
Les heile sakaEtter at Haukåbrua vart reparert og oppgradert med nytt rekkverk har asfaltering stått på vent. I går kveld vart siste innspurt gjort unna, og entreprenøren Veidekke la nytt asfaltdekke på brua og litt utom på kvar kant.
Les heile sakaMåndag 24. oktober klokka 19:00, på FN-dagen, kjem Halvor Tjønn til Surnadal kulturhus. Få, om nokon, veit meir om historia attom kampen ukrainarane no kjempar, enn Halvor Tjønn.
Les heile sakaKyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag» onsdag 26. oktober klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det frå klokka 16:00 blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te. Dørene opnar klokka 15:30. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:00.
Les heile sakaNatacha Nordvik, på Liatun, undrar på om nokon har sett katten hennar, som heiter Simba? Han er ein kastrert hannkatt på eitt og eit halvt år, og han er glad i folk. Han har no vore borte i tolv dagar, og Natacha lurer på om nokon har sett han?
Les heile sakaVi gjorde ei lita uoffisiell prissamanlikning i dag – noterte kort og godt prisane på bensinstasjonane på Skei, og samanlikna med prisane på HalsOil når vi var attende i Todalen.
Les heile sakaÅrets TV-aksjon går i år til organisasjonen «Leger uten grenser». Årets TV-aksjon skal gå til å forebygge og behandle sykdommer som rammer mennesker på tvers av landegrenser, uavhengig av etnisitet, seksuell orientering, religion, politisk ståsted, alder og kjønn.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 17. oktober. Start frå Matkroken kl. 11:00. Du er velkomen til å bli med ut på tur!
Les heile sakaMørebiskop Ingeborg Midttømme har visitas i Surnadal siste veka i oktober. Kyrkjesokna legg opp til eit allsidig – og annleis – program. Konstituert prost Vidar Rygh og lokalstaben tek bispefølgjet rundt i kommunen for å vise noko av det pulserande livet i bygdene.
Les heile sakaKanskje ei litt skremjande overskrift, men heldigvis er det berre Surnadal bibliotek, som torsdag 20. oktober klokka 13:00 inviterer til bokbad om Rinnanbanden. Henry Oliver Rinnan, bandeleiaren, og hans folk i Rinnanbanden, var av dei mest frykta og forhatte nordmennene under verdskrigen, gjennom si brutale og hensynslause verksemd i okkupanten si teneste.
Les heile sakaLotteri- og stiftelsestilsynet opnar for søknadar om straumstøtte for lag og organisasjonar frå onsdag 19. oktober. No kan også lag og organisasjonar i Midt-Norge søke om straumstøtte. Søknadsfristen er onsdag 16.november.
Les heile saka