Dette er overskrifta i ei pressemelding vi har fått frå S-Nett. Det forsikrar, Ove Island, prosjektleiar for vedlikehald i S-Nett, nettselskapet i Svorka, og no dronepilot. Energimontørane i S-Nett skal mellom anna bruke nyinnkjøpte dronar til å føre tilsyn med straumnettet, og arbeidet tek til allereie neste veke.
Les heile saka
Stavganggruppa i iSurnadal Pensjonistlag starta stavgangsesongen sin med tur langs Toåa i Todalen i år. Vêrmeldingane var ikkje dei beste for dagen, men elleve ivrige turgåarar møtte opp.
Les heile saka
På Todalen bøgdalag sitt årsmøte i kveld, vart Svein Håvard Brøndbo valt til leiar. Han overtek etter Bjørn Gunnar Ansnes.
Les heile saka
Det var god stemning da ordførar Margrete Svinvik kunne ønske eit 70-tals deltakarar velkomne til Boligkonferansen 2023. Boligkonferansen var open for alle, der kommunen hadde invitert byggebransjen, innbyggarar og tilsette til kulturhuset. På agendaen stod orientering om byggeplanar, tilskotsordningar og utleigebustader i eit variert og heildags program, og kommunalsjef samfunn Karin Halle var konferansier.
Les heile saka
Onsdag kveld var Teatret Vårt på besøk på Surnadal kulturhus med musikkteaterstykket «Danse med skjebnen» – ei musikalsk reise som er basert på låtene til gruppa Dance With a Stranger. I danse med skjebnen er tekstane dikta om til dialekt og frakført av dyktige musikarar som er med på oppsetninga.
Les heile saka
Onsdag 3. mai klokka 18:00 inviterer Todalen sokneråd til vårdugnad på kyrkjegarden. Det blir raking, oppretting av gravstøtter og rydding etter vinteren. Ta difor med høveleg utstyr som t.d. rive, spade, trillebår.
Les heile saka
Måndag 1.mai startar Stikk UT! sommarsesong. Her er det både velkjende og nye turmål. I Surnadal er det tolv turmål, både Toåa tursti og Svinvikrunden er framleis med, to svært populære turar. Mulneset på Kvanne er nytt Stikk UT-turmål i år. Det er ein lett og fin tur med start frå Søyabanen.
Les heile saka
Ei av dei mest kjente turistforeiningshyttene har fått nye drivarar. Det er Trygve og Astrid Roaldset som no blir styrarpar på Innerdalshytta i år.
Innerdalshytta ligg vakkert til i det som er kjent som Norges vakraste dal.
Les heile saka
Det er eit sikkert vårteikn når pussemaskina dukkar opp for å samle inn igjen restar av strøsand og støv attpå vinteren. Etter at det vart bart rundt vegkantane har vi opplev at store bilar har vispa opp mykje støv og lort. En runde med pussemakina til Veidekke sørgjer for at støvplaga kjem bort.
Les heile saka
Torsdag 27. april tek stavgangssessongen til att etter vinteren. Da inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgang langs Toåa.
Les heile saka
Siste måndagen i april var det kløvertur på Kvennset, god tur etter fin skogsveg for turgåarar.
Les heile saka
Denne veka er Maria Bergli å finne mellom reolane på Matkroken Todalen. I ei veke får ho prøve butikkyrket som ho tykkjer verkar spennande og dermed hadde lyst til å prøve seg. Maria går dette året i 9. klasse på Surnadal barne- og ungdomsskule, der ho enno har eit år att.
Les heile saka