Todalsdagen 2023 går av stabelen 1. juli, og planlegginga av årets utgåve er godt igang. I år er det 30 år sidan den første utgåva av Todalsdagen vart arrangert i 1993. I år, som alle år, blir det TodalsCup i fotball for aldersgruppa 6 – 12 år. Invitasjon er sendt ut til laga, og påmeldingsfristen er fredag 23. juni.
Les heile saka
Frå 1. juni er sesongsalet av hagemøblar i gang på Hageland Surnadal, fortel Oddmund Jørgensen. – No gir vi 30 prosent på utvalgte modellar, som i utgangspunktet er modellar som etter kvart skal gå ut av kolleksjonen og dermed selges til redusert pris
Les heile saka
Ungdomsrommet i reiskapshuset på Bordholmen stadion tek form. I går kveld vart taket ferdig grunna, så no er både tak og veggar klare for å få siste «finish» før innreiinga av rommet kan ta til.
Les heile saka
Surnadal bibliotek har sidan 2019 arrangert «Litterært pusterom» på biblioteket på Skei. Som ein del av prosjektet «Ut av bibliotekrommet» vil biblioteket no tilby dette i andre delar av kommunen.
Les heile saka
På grunn av sjukdom og dårleg ver, blir kveldens planlagde «Hjertemarsj» i Kavlvegen på Eidet avlyst. Dette melder arrangøren Surnadal demensforening og helselag i ein e-post til redaksjonen.
Les heile saka
I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til austre Tussan. – Vi, 21 spreke pensjonistar, starta turen frå Haugaskaret og gjekk den svært så bratte lia opp til Austre Tussan, fortel Anne V. Einum i Fjellgruppa.
Les heile saka
I Talgø jobbes det med miljøtiltak hver eneste dag. Bærekraftsprofilen vår påvirker alle deler av driften, ikke minst når det gjelder god håndtering av eget avfall. Nå er nok et skritt mot en grønnere hverdag iverksatt. Talgø og leverandør Retura Midt inngår avtale for avfallshåndtering som berører store deler av konsernet.
Les heile saka
Torsdag 1. juni kl 11;00 arrangerer Surnadal pensjonistforening stavgang, med vandring langs Toåa frå Bruset og oppover til Fosstrøinn og Hengebrua. Parkering på Bruset, og start derifrå. Det blir kaffepause i gapahuken – møt opp til vanleg tid kl 11, oppfordrar arrangøren. Alle er velkomne til å bli med!
Det er luftforsvaret som melder om dette, for i dag startar nemleg storøvinga Arctic Challenge exercise. Da blir det mykje lågflyging i Midt-Noreg, både med jagarfly, helikopter og dronar.
Les heile saka
Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping frå Trollheimen Fjellsportklubb gjorde bra innsats under Molde 7 Topper som vart arrangert pinseaften. Dei to hamna på 1.- og 3.-plass i sin klasse som er 16-17 år, der Aron hamna på 5. plass totalt og Isak på 13.-plass. Halvor Drøpping kom på 2.-plass i sin klasse 50-59 år. Dagens beste tid hadde Fredrik Bruseth frå Romsdal Randoneeklubb kom først i mål av alle på tida 1:56:35.
Les heile saka
– Årets Kleivaprisvinnar har føtene godt planta i lokalt kulturliv og har i ei årrekkje vore med på det meste som rører seg innan scenekunst, revyar og konsertar. Alltid med tryggheit, kunnskap og engasjement, heiter det i juryen si grunngjeving.for utdelinga av årets Kleivapris.
Les heile saka
Det er meldt store nedbørsmengder i kveld. For å skape ein best mogleg
Kleivakveld for alle involverte og publikum har styret i Laget Vårsøg beslutta at årets Kleivakveld blir flytta innandørs til Storstua i Surnadal kulturhus. I Storstuå er det plass til 300 personar. Dei som allereie har kjøpt billettar er sikra plass i Storstuå og kan sette seg i salen frå klokka 17.30.
Les heile saka