Fjord1 melder om endring på rute 1061 Kvanne – Rykkjem i kveld: Avgang fra Kvanne 21:00 og fra Rykkjem kl 21:15 blir i dag innstilt. Avgang fra Kvanne 21:30 blir utsatt til 22:00, deretter normal drift i sambandet.
SISTE: Kl 18.15 melder Fjord1 at det blir normal drift i sambandet i kveld!
Fredag 28. juli, mellom klokka 12:00 – 16:00, inviterer Lia gard til «sommarope» bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen no i ferien. Har du problem med å rekke innom i opningstida, er det berre å ta kontakt med Lia gard for å avtale henting av varer.
Les heile saka
Søya og Todalen Skytterlag er forlengst i gang med skyteprøve for storviltjakta. Kvar måndag skveld i juni, juli og august er det skyting på lagets bane i Ranheimsvingen. Alle må dokumentere 30 prøveskot på to kveldar, før dei får prøve seg på skyteprøven som foregår på dyrefigur. Skyteprøve består av 5 skot mot dyrefiguren og alle 5 må være treff innafor ein sirkel på 30 cm.
Les heile saka
Sesongen for Stikk UT!-sommar er no halvgått, og det er stor aktivitet i Stikk UT!-turane i Todalen. Toåa tursti har klart flest besøk i Surnadal kommune.
Les heile saka
Komande tysdag, 25. juli, inviterer Todalshytta til balldag. Tysdag har du altså sjansen til å teste ut ein nordmørsk tradisjonsrett på Todalshytta. Da er det nemleg klart for sommarens store balldag, fortel Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta. Potetball og sildball serveres denne dagen i tidsrommet 15 til 19.
Les heile saka
dag var det dugnad i Toåa tursti for å slå kantane, rydde litt kratt og for å få skråpa vegen. Turstien fekk i fjor haust nokre skadar som følge av stor elv. Deler av turstien må difor reparerast, eit arbeid Per E. Gjeldnes maskin skal utføre.
Les heile saka
I går og i dag har det vore krøtterberging i Kvennsetdalen. Kyrne stakk av under flytting frå innmarksbeite i Viastua og opp i Kvennsetdalen for eit par veker sidan. I ettertid har dei to kyrne gått seg utfor ein hammar. Den eine av dei var i live etter fallet, medan den andre omkom.
Les heile saka
Stangvik Grendalag og Stangvik Historielag inviterer fredag 28. juli frå klokka 12:00 til familiedag med gamal historie og ny kultur. Familiedagen er knytta til «Den Trondhjemske postvei» og startar med ein fin tur frå Vang til Stangvik. Under vegs vil ein får sjå nye verk av seks lokale kunstnarar og ein indianar.
Les heile saka
Todalen Idrettslag har investert i fotballgolf på Bordholmen stadion. Så da har idrettslaget enda ein aktivitet å tilby sine medlemmer og andre på anlegget på Bordholmen.
Les heile saka
Ein skal leite lenge etter større kontrastar enn Oppenheimer, «far» til atombomba, og Barbie. Men kritikarane ser ikkje den store forskjellen: begge filmane har fått svært gode kritikkar!
Les heile saka
Todalen Idrettslag inviterer til dugnad i Toåa tursti fredag 21. juli klokka 11:00, for litt vedlikehalds- og reparasjonsarbeid på den fine og populære turstien sin. Det trengs folk med river, ryddesag, motorsag og arbeidslyst.
Les heile saka
Arve Evensen sier han har hatt flere gjester i år enn i fjor på Todalshytta, og gleder seg veldig til neste år. Evensen har hatt besøk av journalist Geir Forbregd i Driva, og han har tatt pulsen på livet på Todalshytta – både på verten og på gjestene. Bla videre så kan du lese om livet på Todalshytta…
Les heile saka