Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank – innstiftar nytt MAX-stipend

Jon Olav Ørsal Måndag 11. desember 2023

Dei siste åra har Sparebankstiftinga hatt ei skikkeleg julegåve.  Det blir det nok i år og, men på ein litt anna måte denne gongen.  I dag presenterte Sparebankstiftinga det nye MAX-stipendet – eit stipend som skal gje unge talent mulegheit til å «Maxe ut» sit potensial innafor kultur, idrett, kunst eller utdanning.

Stipendet kan delast ut til inntil 5 personar i alderen 15 – 25 år.  Dette er eit stipend som ungdomar kan søke på, og det er eit stipend som verkeleg monnar.  Banken brukar store summar i sponsormidlar kvart år, som blir bruka for å støtte breiddeaktivitetar.  MAX-stipendet vil være eit stipend for den som verkeleg vil ta sats for å nå eit mål, og må ha eit talent med kvalifikasjonar i nasjonal eller internasjonal målestokk.

Det høyrer med i statuttane av søkarane må ha tilknyting til Surnadal eller den «gamle» delen av Halsa.  Med økonomisk støtte frå MAX-stipendet i ryggen skal mottakaren få moglegheit til å utvikle sitt talent og få ekstra motivasjon med på kjøpet.

Stipendet kan søkast på frå i dag, og har søknadsfrist til 15. januar for tildelinga for 2024.  Utdeling vil skje på vårparten.  Her kan du finne meir info om Max-stipendet, samt finne søknadsskjema som skal brukes. 

Publisert: 11. desember 2023, 14:27