Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny trekning – halvgått løp for TILs Julekalender

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. desember 2023

I dag er vi halvgått til julaftan med TILs Julekalender.  Vi er no komne til luke 12, og attafor den luka var det tre nye gevinstar som får sin nye eigar.  Først ute i dag er Ann Helen Aambø frå Surnadal, som vann ein pakke med bøker frå Todalen historielag.  

Nye og varme tøfler til jul – vinnar Markus Bolme Foto TIL trim

Neste vinnar blir nok varm på beina, ettersom gevinsten her er eit par heimestrikka tøfler.   Her vart det Markus Bolme frå Bekkerhagan som vart den heldige vinnaren.   

Julestjerne var tredje gevist i dag – Åshild Halle vart vinnar. Foto TIL trim

Tredje og siste gevinst i dag bers det nok oppi Halagrenda med, ettersom det var Åshild Halle som vann julestjerna i Royalimpregnert furu.  Den tåler nok å heng ute!  Elles er det felles for alle vinnarane at dei blir kontakta av TILs trimgruppe med tanke på utlevering av gevinstane. 

Publisert: 12. desember 2023, 06:00