«Let it snow, let it snow» – song Tordenskjold songkor onsdag kveld i Ungdomshuset. Og det passa godt, for det snødde «gamle kjerringar» heile kvelden!
Les heile saka
«Let it snow, let it snow» – song Tordenskjold songkor onsdag kveld i Ungdomshuset. Og det passa godt, for det snødde «gamle kjerringar» heile kvelden!
Les heile sakaI morgon kveld er det Adventskveld på Todalen og Stangvik oppvekstsenter på Evenshaugen. Difor blir Balleiken i gymsalen ved Todalen skule avlyst torsdag 8. desember. Det opplyser leiar i Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag, Oda Halle.
Les heile sakaI kveld var det Øyagrenda sin tur til å tenne julelysa for å lyse opp litt i adventstida. Det er postkassestativet mellom Øya og Dakota (tidlegare Tovbu) og Øyabrua, som dei siste åra har vorte lyssett i adventstida.
Les heile sakaPå pensjonistlaget årlege julemiddag fikk Liv Botten den gjeve eldrearbeidsprisen. Dette er ein pris som kvart år blir delt ut til ein person, lag eller foreining som har utmerka seg med positivt og ulønna eldrearbeid. Liv Botten har vore leiar for Surnadal demensforening og helselag i ei årrekkje. -Liv har eit brennande engasjement, er ryddig og har fokus på framdrift, sa Anett Ranes som delte ut prisen på vegne av Surnadal kommune.
Les heile sakaTysdag 27. desember klokka 20:00 inviterer Todalen.no alle til Romjulsquiz i Todalen ungdomshus. Quizmastrane har laga spørsmål innafor mange tema, så her er det noko for ein kvar smak. Todalen.no spanderer forskjelleg typar snacks under romjulsquizen. Det blir også open pub med sal av øl og vin. Romjulsquizen er gratis for alle medlemmer, og kostar […]
Les heile sakaBak luke 6 er også 2 gevinstar, og vi held oss framleis til heimestrikka handver – eit par strikkavottar og ei strikka lue i ull. Den heldige vinnaren av dei flotte strikkavottane er Svein Håvard Brøndbo. Medan den flotte lua i heimestrikka ull…. Her vart det Magne og Arndis Søyset som vart vinnarar. Begge gevinstane […]
Les heile sakaOnsdag 7. desember klokka 19:00, inviterer Tordenskjold songlag til førjulskonsert i Todalen ungdomshus. Tordenskjold songlag, vil saman med Los Invalidos og solist Nina Halset, sørge for god førjulsstemning.
Les heile sakaNo er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem måndag 12. desember. Det er mange ledige timar.
Les heile sakaTodalingen Leif Arne Ness (53) har takka ja til tilbod om å bli, ein av to materialforvaltarar i nybakt seriemeistar Molde Fotballklubb. Han kjem frå tilsvarande stilling i Sandefjord Fotball, der Leif Arne har vore materialforvaltar i sju sesongar, sidan januar 2016.
Les heile sakaTorsdag 15. desember inviterer Trollheimen Fjellsportklubb sine medlemmer til handlekveld på Kårvatn Fjellutstyr mellom klokka 18:00 – 21:00.
Les heile sakaTorsdag 8. desember klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag til trim i Trudvang. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile sakaBak luke 6 var det jammen 2 gevinstar i dag også – den eine gevinsten var eit flott par varme ullsokkar som vart vunne av Ingrid og Dan Roger Pedersen. Dette var nok ein gevinst som er rett i tida, ettersom vinteren no kryp innpå oss. Den andre gevinsten derimot …
Les heile saka