I dag har Randoneelandslaget vore i aksjon i VM løypene i Sveits igjen, og Todalen IL sin mann på startsstrek har nok ein gong levert eit sterkt løp i Individuell. Erik Kårvatn kom inn på ein respektabel 25. plass av 49 startande i klassen cadett ( junior). I dag forserte dei 850 høgdemeter i ein veldig […]
Les heile saka
Den som har lagt merke til at det er kome eit nytt lite hus som det står AGA på, har oppdaga det nye gasshuset til HalsOil. HalsOil har nemleg utvida sortimentet og fått inn propangass på lager og for salg. HalsOil er alt i gang med leveransane og det passar godt no føre påskefeiringa startar.
Les heile saka
.Onsdag 27.03.2019 kl 19.00 er det Todalen IL sin tur til å halde årsmøte i Todalen Ungdomshus.
Fristen nærmar seg for saker som ønskes behandla på årsmøtet – siste frist er 13.03.19 for innmelding til styret v/Nils Ove Bruset
Les heile saka
Heile 136 stemmer av 227 stemmer fikk Torgunn Nordvik sitt bilete av speilblank sjøis. Ho stakk da overlegent av med premien, for månadens bilete, for februar. Vi gratulerer. Stor takk til dykk alle som sender oss bileter som vi kan vise kvar dag.
Les heile saka
Måndag 11. mars var det ny vri på Kløverturen i Todalen sanitetsforening – da var det invitert til innetrim i Sanitetshuset med fysioterapeut Ingrid Kvendset Ulset som instruktør.
Les heile saka
Preiketeksta første søndag i fastetida er henta frå Matteusevangeliet og har overskrifta «I Getsemane» – ei kjent tekst som handlar om Jesus siste dagar før påske. Sokneprest Kristin Strand forklarte at det i kyrkjeåret er to fastetider; advent er den første fastetida i kyrkjeåret og blir avslutta med Jesu fødsel. Den andre fastetida er vekene før påske og handlar om Jesu lidingssoge. Fiolett er liturgisk farge for båe dei to fasteperiodane.
Les heile saka
Koret Prosjekt 17, felespelaren Torgeir Leivdal og kantor Oddveig Helset Halle er hovudaktørar på Tonekvelden i Øye kyrkje onsdag 13. mars kl 19.30. Programmet byr på klassisk kyrkjemusikk, allsong med kor og forsamling, felemusikk og ikkje minst ei messe med lokalt særpreg.
Les heile saka
Indre Nordmøre forsvarsforening arrangerer Skiskytingens Dag ved skiskyttaranlegget på Nordmarka laurdag 16. mars 2019. Tidsrom frå kl. 12.00 til kl. 16.00. Vel møtt!
I dag har Erik Kårvatn debutert i randonee-VM i Villars, Sveits saman med resten av verdenseliten. Rundt 290 deltakarar fordelt på heile 31 nasjonar deltek, der Sveits, Italia og Frankrike er i ein divisjon for seg sjølv. Dagens øvelse var sprint, og både Erik og Edvard Sætran Solli gjennomførte ein fantastisk mesterskapsdebut i junorklassen, med kvar sine gode prologar som resulterte i ein 19. plass for Erik og 35. plass til Edvard.
Les heile saka
På Tjønnmyra var det familiedag med Barn i løypa. Litt utrygg værtype gjorde at det var ikkje all verdens store deltaking, men dei som var der storkosa seg i nysnøen – enten på ski eller med akebrett eller rattkjelke. Sjølv om været er litt «pjusk» så er det godt når ein først kjem seg utendørs og på Tjønnmyra ligg det fantastisk godt til rette for uteaktivitetar.
Les heile saka
Surnadal Taekwondo-klubb hevdar seg godt i konkurransen. I helga har ein gjeng vore i Ålesund, der dei har delteke i fylkesmesterskapet. Der har dei vist at dei kan reknast med og har både gull-, sølv- og bronsemedaljer i bagasjen på heimvegen.
Les heile saka
I dag er det mykje som foregår i Todalen. I 2. etasje i Skulstuå var det klesbyttedag, kor ein kunne gjere fleire gode «kupp» utan å betale ei krone. Maria Hagerupsen Halle og Astrid Longva Kvendset var primus motorer, og hadde på førehand fått samla inn mykje fint både av sko, klær og litt smykkesaker i ulike størrelsar.
Les heile saka