Turen går denne søndagen til Vaulen på Nordmarka i Surnadal. Her er det merka sti frå Solåsvatnet, bløtt i terrenget, ca 1 times gange til Vaulen. Opprinneleg var Vaulen ein gard under Mo sokn som høyrde kongen til. På slutten av 1600-talet gikk eigedomsretten over til private.
Les heile saka
Søndag 9. august inviterer TILs trimgruppe til fellestur til Storfjellet og vidare til Storbotn. Turen startar frå Innerdalsmerket kl 10 og går først til Storfjellet, vidare utover til Storbotn og ned i Litjbotn og vidare nedatt om Tristeinan og ned til Innerdalsmerket.
Les heile saka
Vi nærmar oss haustens valg og Surnadal Arbeiderparti har sendt oss oversikta over alle som stiller til valg for deira parti i perioden 2016-2019. Ei lang og fyldig liste, der den enkelte fortel kva dei går på valg til. Vi har også deira partiprogram vedteke 26.11.2014, for den som ønsker å bla i det.
Les heile saka
Surnadal Jeger- og Fiskerforening arrangerer familiedag med elvefiske på Sommarfjøsvollen på Kårvatn fredag 7. august frå 18.00 – 20.00. Det blir servering av grillmat. Ta gjerne med ditt eige fiskeutstyr. SJFF har noko utstyr til utlån.
Les heile saka
Tysdag drog Jon på tur med bil og sykkel i bagasjerommet. Målet var ein lenge planlagt tur til Trollhetta, der Jon aldri har vore før. Til tross for fleire turar både til Trollheimshytta og Jøldalshytta har ruta over Trollhetta vore innhylla i tåke når han har vore i området. Vi har fått e-post med mange fine bilder, og beretning frå turen. Sterk vind hindra Jon i å nå toppen i dag, men han kom iallfall så langt at målet var innafor synsvidda.
Les heile saka
Sommerferien går vel mot slutten for dei fleste, og gjennom ferien har vi fått mange fine bidrag til dagens bilete. No er vi klare for å kåre månadens bilete for juli. Sjølv om kvardagen er på veg tilbake, håpar vi fortsatt at dykk sender oss nye bidrag.
Les heile saka
På Pakkhuset blir det travelt denne veka – onsdag inviteres det til «Spansk aften» og torsdag til Nordmørskveld med underhaldning. Begge kveldane er det start frå kl 20.00.
Les heile saka
Hønhalsen og Porkå er kjente snømerke som vi veit om i Blåfjellet og Kjerringa, men no får dei også konkurranse frå Svanå som er ei snøfonn i Midt-Kjerringa, som da sjølvsagt likar ei svane. Det er Martinus Torvik som viser oss svanå, som er lett å sjå for oss frå terrassen på Høyem. Den er […]
Les heile saka
Vi har lagt attom oss eit par sommarmånader med mykje skodde og regn, så det er på tide at vi får sjå sola. Bildet er frå måndag morgon, med utsikt mot Husby. Sola er i gang med å fordampe restane etter gårdagens regn og nattas dugg. Egentleg ein flott skue å nyte til frokosten i dag, sjølv om temperaturen i 7.30-tida var berre på 6 varmegrader.
Les heile saka
Det har ikkje vore mange solskinnsdagar i sommar, men laurdag den 1. august da Stangvik Historielag hadde bestemt å ta ei «kulturvandring» innover Søyådalen, var det ikkje mange skyer på himmelen. Vi starta med samling ved gammelskulen oppå Eidet, der ein av gaidane, Torbjørn Polden, orienterte litt om turen vidare. Første stopp var ved Gammelseterbrua. Like ved deler dalen seg i to, vi får Terrådalen «beint fram», og Søyådalen tek ein sving mot høgre ikkje langt innafor her. Torbjørn fortalte her om Gammelsetrene, som låg på andre sida (nord-sida) av elva, og nemnte og dei to setrene som låg inne i Tverrådalen. Når vi stod og såg oppover liene her, var det ganske utruleg at det har vore markaslått oppi her – vi såg ikkje mange grøne «lunger» oppi olderskogen her i dag.
Les heile saka
Måndag kveld er det gubbetrim med fotball på Bordholmen. Start kl 19.00 og merk deg tida, melder Ivar Helge Kvendset i TIL trimgruppa og minner samtidig at det er mindre enn 14 dagen til returkampen mot Bøfjorden. Han håper at alle har halde forma vedlike i ferietida, slik at det berre står att finpuss til returoppgjøret som altså går laurdag 15. august kl 18 i Bøfjorden.
Da sola endelig viste seg var dagen perfekt for å ta en tur til fjells. Valget i dag ble stikk-ut tur til Saksa/Blåfjellet i Halsa kommune. Kjent for å være det finaste utkikkspunktet i kommunen
Les heile saka